Hemsedal er blant dei kommunane som har jobba for å få kontroll på folketalet dei siste dagane.

Dette er ikkje ein kamp mellom «dykk» og «oss»

Sundag gjekk ein jamn straum av bilar ut frå Hallingdal. Folketalet i regionen gjekk endeleg ned. Sakte men sikkert gjekk alvoret opp for ein del hytteeigarar. Det skal de ha stor takk for, og me ønsker dykk hjarteleg velkommen tilbake, så fort som mogleg. Me er glad i hyttehallingane våre. De er viktige for oss.

Men alle var dessverre ikkje like kloke. Nokre valde, og vel framleis, å klore seg fast på hytta. Trass i fortvilte oppmodingar frå kommunane om at folk må kome seg heim, så gjekk ikkje bodskapen inn. Til slutt måtte regjeringa varsle forbod mot å opphalde seg på hytta i ein annan kommune enn der ein bur. Sivilforsvaret er budd på å gå frå dør til dør for å få folk heim att. Det er nestan ikkje til å tru at ein må gå til så drastiske steg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me som er født og oppvaksen i Norge er vant til å leve i eit fritt, opent og demokratisk land. Me er ikkje vant med å at nokon skal fortelje oss kva me skal og ikkje skal gjere. Mange kjenner no for første gong i livet på ei innskrenking av fridomen vår. Me kan ikkje lenger reise dit me vil. Ikkje vere saman med kven me vil. Me kan ikkje bruke fritida vår slik me vil. Dette er ei ny verkelegheit for oss alle.

Heldigvis taklar dei fleste dette på glimrande vis. Me følgjer dei oppmodingar som blir gitt, og rettar oss etter det lokale og nasjonale myndigheiter seier. Sjølvsagt gjer me det. Å påstå at ein sjølv veit betre enn dei som styrer både land og kommune, er frykteleg egoistisk. Dette gjeld ikkje berre dei som blir verande på hytta sjølv om dei blir bedne om å reise. Det gjeld også ungdommar som vel å samle seg til fest. Folk som reiser på harryhandel. Menneske som gir blaffen i å vaske seg på hendene. Alle slik brot på dei reglane me har fått, er eit utslag av rein og skjær egoisme.

Dette er ikkje ein krig som krev at me handlar på eiga hand. Dette er ein krig som krev at me har tillit til dei som styrer, at fagpersonell og styresmakter faktisk veit best og har gjort vurderingar til det beste for oss alle. Dette er ikkje ei tid for å opponere mot autoritetar. Det er ei tid for å tenke på fellesskapet, stå saman, samle oss som best me kan.

Derfor må det også bli slutt på slike diskusjonar som har rasa dei siste dagane, mellom hyttefolk og lokalbefolkning. Det har blitt sagt mykje frå begge leirar som er langt over streken. Ein må evne å sjå at dette ikkje er ein kamp mellom «dykk» og «oss», men ein felles kamp mot ein fiende som har ramma oss frå uventa hald. Me er alle urolege for korleis denne situasjonen vil ramme oss. Men me må ikkje bli irrasjonelle og egoistiske. Me må ha tillit til systemet, og tillit til kvarandre.

Til deg, om du bur i byen eller er halling: Lytt til nasjonale helsemyndigheiter. Lytt til kva heimkommunen og di lokale helseteneste seier. Det er dei som bestemmer no. Og det er til det beste, for både deg og meg.

Les også
Hytteeigar: «Vi har reist til det fineste og tryggeste stedet vi har. Det var dumt og lite gjennomtenkt.»
Les også
Helseministeren: Forbyr folk å vere på hytta
Les også
Det er ei underleg tid