«Det er kraftprisen, din dumming»

Denne veka blir galluptala til Arbeiderpartiet dissekert og diskutert på Pers Hotell i Gol. Statsminister Jonas Gahr Støre er varsla som heidersgjest på LO-Stat sin kartellkonferanse. Han skal innleie den fagleg-politiske debatten, og kjem ikkje utanom nedgangen.

Dei siste tala syner ein oppslutning på 18 prosent for partiet som saman med Høgre er eit av dei to store, og sokalla, statsberande. Talmaterialet har løyst ut eit vell av analysar. Alt frå Støres person og framtoning som leiar, til sosialdemokratiets svekka posisjon i samfunnet blir saumfare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå amerikansk politikk kjenner mange slagordet «It’s the economy stupid», (Det er økonomien, din dumming.). Bill Clinton fekk det frå ein rådgjevar då han lurte på kva veljarane var opptekne av fram mot neste val. Clinton lytta og vann.

Me vel å sjå dei galopperande kraftprisane, som ein av dei viktigaste bakanforliggande årsakene til Ap sin tilbakegang. Nyleg senka haustregnet prisane noko. Det var midlertidig. For det grunnleggande systemet, som ligg til grunn for prisnivået, lever i beste velgåande.

Kraftprisen er og blir den største drivaren i prisauken me no ser. All produksjon av mat og andre varer. Transport, overnatting og servering. Oppvarming, og ikkje minst offentlege tenester. Det er ikkje vatnet i krana, som blir dyrare, det er energien som får dropane fram til krana.

Før kraftprisane gjekk amok, hadde me eit stabilt økonomisk system. Det er var likevekt mellom inntektsnivå, energikostnadar, og det generelle prisnivået. Systemet var bygd opp gjennom heile etterkrigstida, og det har tent oss godt.

No er me kopla opp imot ein marknad, som korkje bryr seg om norsk klima, norsk sjølvforsyning eller heilskapen i norsk økonomi. Det er ingen tung politisk opposisjon mot dette systemet. EU og EØS er for viktig til det.

Då den til no siste tilknytinga til europamarknaden, den tredje energimarknadspakken, (Acer), vart vedteken i 2018 vart det stilt åtte «ufråvikelege krav» om norsk kontroll med krafta. I dag syner det seg at desse krava har liten verdi. Kritikarane meiner det heile var eit spel for å få Ap og fagrørsla med på vedtaket.

Uansett, så er historikken her komplisert, og eit tema for spesielt interesserte. For vanlege folk, er og blir kraftprisane drivaren bak det faktum at alt blir dyrare, og kjøpekrafta smuldrar opp.

Heile Stortinget har stått saman om denne omlegginga. Men det er AP som styrer no. Det er difor Jonas Gahr Støre, som får skulda når folk på ramme alvor funderer på korleis dei kan få på plass ein vegg, som gjer stova i huset mindre, slik at dei har råd til å fyre, bu og ete.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å forstå dette, krev ikkje tunge analysar. Men det krev forståing for korleis folk tenker.

Les også
Nærmare EU enn nokon gong på 50 år
Les også
Me har sagt frå oss kontrollen over krafta
Les også
Meir almisser
Les også
19 vedtak om straumeksport i rettssalen