19 vedtak om straumeksport i rettssalen

Gjekk det rett for seg då Stortinget, gjennom 19 vedtak, opna den norske kraftmarknaden mot Europa? Eller var dette eit ulovleg angrep på norsk suverenitet over eigne naturressursar?

NEI til EU har stemna staten for å ha gitt frå seg kontrollen over kraftmarknaden, på bekostning av bestemmelsane i grunnlova. Saka, som grip inn i det heilt grunnleggande ved demokratiet, går no i Borgarting lagmannsrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen er at vedtaka som gir EU stor kontroll over den Norske kraftproduksjonen, er gjort med simpelt fleirtal i Stortinget. I fylgje Grunnlova, skal slike avgjerder, der ein gir frå seg norsk suverenitet, gjerast med minst tre fjerdedels fleirtal.

Stortinget har manøvrert seg rundt dette kravet, ved å kalle dei einskilde vedtaka for «lite inngripande». Metoden er nytta 19 gonger, og konstruksjonen «lite inngripande», finst ikkje i Grunnlova.

Eitt av trumfkorta frå nei til EU, er ein «Betenkning til Stortinget», som Høgsterett har levert. Her meiner rettsinstansen at ved å bruke «lite inngripande» mange gonger, kan ein til slutt stå overfor ei overføring av kontroll over norske ressursar, som samla sett ville ha kravd kvalifisert fleirtal.

Det høyrer også med at Norge ikkje er medlem i EU. Høgsterett meiner at det må vera strengare krav, dersom norsk suverenitet skal overførast til ein organisasjon som Norge ikkje er medlem i.

I den samanhengen er det også verd å ta med at EU har sagt nei til at krafteksporten frå Norge ikkje kan begrensast, for å handle kraftprisen nede. Det kan til naud haldast att på energien, dersom forsyningstryggleiken er truga.

Me trur at avgjerdene, gjennom serien av enkeltvedtak, har ført til at mange på Stortinget ikkje har hatt klart for seg kva dei har vore med på. Vidare er me sikre på at dersom verknadene me ser i dag, hadde vore kjent, ville det vore politisk umogleg å opne marknaden så radikalt.

Frå regjeringa blir det jamt hevda at det er krigen i Ukraina, som er skuld i dei høge prisane me ser no. Det er rett, men me meiner at denne utviklinga, over tid, ville ha kome uansett. Norge har gjeve frå seg kontrollen over krafta til ein marknad, som aldri vil få nok energi.

Denne viktige saka vil, etter alt å døme, ende i Høgsterett. Det mest spennande ved den, vil uansett vera om ei eventuell avgjerd i Stortingets disfavør, vil få nokon betydning. Dei 19 vedtaka er drive fram av dei to tungvektarane, Arbeiderpartiet og Høgre, med like tung støtte frå næringa, som no tener pengar på ein friare kraftmarknad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Almisser til folket løyser ikkje det grunnleggande
Les også
Skrifta på veggen for norsk industriproduksjon