Me har sagt frå oss kontrollen over krafta

Det er ikkje høve til å redusere eksporten av kraft frå Norge på grunn av høge prisar innanlands. Energiminister Marte Mjøs Persen stadfester dette overfor Nationen. Dermed stadfestar ho også at me har mista kontrollen over krafta.

Prosessen med å gjere norsk kraft til europeisk handelsvare, har pågått over tretti år. For kvart steg har dei tunge politiske miljøa med Ap og Høgre i spissen, forsikra skeptikarane om at me slett ikkje mistar kontrollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist ut var Jonas Gahr Støre då tilslutninga til ACER vart vedteke i 2018. Han forsikra då at å svekke nasjonal styringsrett over naturressursane, var noko Arbeiderpartiet aldri ville vere med på.

ACER er EUs energibyrå, som mellom anna skal sjå til at dei felles reglane for omsetning av straum og gass i EU blir overhalde. Det essensielle i regelverket, er å ha ein samla marknad for energi i Europa.

Saman med kraftkablane betyr dette høgare prisar. Kablane er etablert med bakgrunn i nasjonale vedtak, men når dei fyrst ligg der, så fangar bordet.

Straumsjokket i vinter har ført til at regjeringa no arbeider etter to spor. Det eine er straumstøtta, som ut mars sikrar oss hjelp med det meste av snittet som går over 70 øre pr. kilowattime.

Støtta er snau samanlikna med dei 35-50 øre som kritikarane meiner bør vere ein makspris på straum i Norge. Men for å vere litt stygg; den kan vera stor nok til at me venner oss til høgare prisar på sikt.

Det andre sporet er Energikommisjonen, som vart oppretta for eit par veker sidan. Denne har frist til utgangen av året. Sidan skal det kjempast politiske kampar om forslaga.

Dermed blir me alle dei neste par åra, og kanskje også permanent, støttemottakarar når prisane er høge. Utan ein fast og fornuftig makspris, blir det ein politisk kamp frå straumsjokk til om å vere snillast med oss.

Det treng me ikkje. Det me har bruk for, er ei langsiktig løysing av problema energipolitikken påfører bedrifter og hushaldningar. Diverre har me ikkje store forventningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to statsberande partia, Høgre og Arbeiderpartiet, samt eit fleirtal av mindre parti har trass alt slutta opp om EU-tilnærminga heile vegen. Dei trur på den energiutvekslinga, som straumkundane i dag stiller seg meir og meir tvilande til.

Politisk er det Ap som no sit med svarteper i dette spelet. Høgre, som er støttespelar nummer ein til denne delen av energipolitikken, let no kampfellen steike i feittet som begge partia har lagt i panna.