Meir almisser

Stortinget blir etter alt å døme kalla inn til eit ekstra møte om straumkrisa. Massiv misnøye frå frustrerte ordførarar, fylkesleiarar og andre tillitsvalde innan regjeringspartia, tek til å verke. No kjem også Høgre på banen. Erna Solberg vil ha tingmøte for å auke straumstøtta.

Det er all grunn til å vente at Stortinget også vil gå for straumstøtte til bedriftene. Politisk er det rett og slett ingen veg utanom. Støtta til bedrifter og private er viktig og verdifull, men den løyser ikkje dei grunnleggande problema på energisektoren.

Artikkelen held fram under annonsen.

I staden går det som me tidlegare har spådd i denne spalta; den politiske debatten om straumprisane vil både i neste veke og i framtida handle om kor mange prosent av straumrekninga hushaldingane og næringslivet skal få dekka.

Med andre ord, handlar det om kor mykje pengar som må til for at folk skal slutte å klage på eit system, som har fått oss inn i eit uføre. Eit system som prioriterer fritt sal av kraft til Europa, framfor politisk styring knytt til forsynings- og pristryggleik innanlands.

I Stortinget vil eventuell usemje om kraftstøtta mellom Høgre og Arbeiderpartiet, handle om detaljar. Årsaka finn me i «Den store alliansen» der Høgre og Arbeiderpartiet er samde om hovudlinene i norsk politikk overfor Europa.

Det er denne alliansen som har gjort at Høgre har vore tolmodig med regjeringa i kraftsaka. Partiet tek ikkje sjansen på å utfordre om sal av kraft ut av landet, og tilhøyrande galopperande straumprisar.

Eksporten av straum, handlar trass alt om vår tilknyting til Europa. Det er ei sak der dei to store partia har lide felles nederlag i to folkerøystingar (om EF i 1972- og EU i 1994). Dei vaktar seg difor vel for å øydelegge for kvarandre.

Slik sett blir det meir spennande kva Senterpartiet gjer framover. Vel er det gjevt å sitje i regjering, men ikkje når galluptala stupar til 6 prosent. Då kan det vera freistande å bryte ut, og gå attende til den gamle trygge rolla og kjempe mot tilknytinga til Europa. Med dagens misnøye med energiprisane, er dette ein sikker veg attende mot 20-talet.

Les også
Straumrasjonering vil ta politikerforakten til nye høgder
Les også
Kraftdebatten som stilna
Les også
Almisser til folket løyser ikkje det grunnleggande