Nore og Uvdal kommune har no opna opp for å køyre opp Vasstulanløypa, mellom Rødberg og Vasstulan. Bilete er frå Vasstulan på Dagalifjell. (Arkivfoto)

Opnar for skitur i oppkøyrde løyper

Også Nore og Uvdal køyrer no opp skiløyper.

Dei siste dagane har fleire innbyggarar i Nore og Uvdal ytra ønske om å få køyrd opp skiløyper att.

Les også
Opnar for løypekøyring til helga

Etter Nore og Uvdal kommune la ned løypekøyringa i kommunen for å bidra til å få fritidsbebuarar heim, har berre lysløypene til idrettslaga vore oppkøyrde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å gi innbyggarane eit etterlengta aktivitetstilbod ute i skog og mark. I første omgang vil Vasstulanløypa bli køyrd opp på dugnad av Rødberg IF. Så skal me sjå om me får opna andre aktuelle plassar også, seier ordførar Jan Gaute Bjerke til Hallingdølen.

I utgangspunktet skulle det tradisjonelle Vasstulanløpet vore arrangert denne helga. Det er avlyst, men folk kan no likevel bryne seg på milevis med løyper frå 300 til 1100 moh. mellom Rødberg og Vasstulan.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her