Skitur i Bergsjø-området i Ål.

Opnar for løypekøyring til helga

Kommuneoverlegane i Hallingdal opnar for at det kan bli køyrd opp skiløyper att, men ikkje over alt.

Kommuneoverlegane har i fellesskap sendt denne tilråding til kommuanen:

«I dei kommunar og område som er tømt for tilreisande hyttefolk, kan løyper blir køyrt, både av helsemessige og tryggleiksmessige grunnar. Ein oppfordrar difor løypelaga til å køyre opp løyper fleire stader i kommunane, slik at ein unngår tette samlingar av folk i enkelte område.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett før sist helg var det slutt på å køyre opp skiløyper. Dette var eitt av tiltaka for å få hyttefolk til å reise heim. Dette gjekk tregt, men dei siste dagane har etter kvart mange lytta til oppmodinga frå både kommunar, helsemyndigheiter og til slutt statsministeren.

Torsdag enda det med at regjeringa innførte forbod mot å vera på hytta utanfor eigen kommune.

Kommuneoverlegane opnar no altså for at det no kan køyrast opp løyper, men berre i kommunar og område som er tømt for tilreisande hyttefolk.