Solveig Vestenfor, ordførar i Ål kommune .

Også Ål kommune stenger ned «alt»

Hotell, overnattingsstader, leilegheiter, utleigehytter og skianlegg blir stengt ned i Ål.

Dermed følgjer Ål kommune Hemsedal og Hol som alt har gått til dette drastiske steget i kampen mot koronaviruset. Fredag kveld melde Ål kommune i ei pressemelding at også dei følgjer same linje.

– Hald dykk heime

– Ål kommune er nøydd å gjera drastiske tiltak for å hindre vidare spreiing av koronaviruset. Dette er tiltak me ser er nødvendig for å hindre at folk strøymer til kommunen og som kan vera koronasmitta. Dei som er sett i karantene må halde seg heime, og må ikkje velje å dra på hytta, heiter det i meldinga frå Ål kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Derfor har Ål kommune ved kommuneoverlegen pålagt turistnæringa å stenge ned si verksemd.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Ikkje dimensjonert

På same vis som Hemsedal og Hol presiserer Ål kommune at kommunen ikkje er dimensjonert for å handtere eit så stort tal sjuke personar i saman med ein pandemi.

– Me oppfordrar alle på det sterkaste å halde seg heime og unngå mykje og unødvendig kontakt, presiserer Ål kommune.

Les også
To hyttenesningar har testa positivt for korona
Les også
Ser bort frå retningslinjer - hyttefolket strøymer til fjells
Les også
Alle hotell, skianlegg og serveringsstader stengt også i Hol