To personar sit på hytter i Nesbyen med koronasmitte.

To hyttenesningar har testa positivt for korona

Nesbyen melder fredag kveld om eitt nytt tilfelle av koronasmitte. Kommunen er no oppe i to smitta personar. Begge er hyttenesningar.

Kommunen melder at begge personane har blitt smitta på ferie i risikosone i utlandet, og at dei no oppheld seg på hytter i Nesbyen.

– Dei har begge kome til Gardermoen, den eine frå Nord-Italia, den andre frå Østerrike. Dei har begge reist rett på hytta. Så har dei kontakta lokal helseteneste, fortel kommuneoverlege Nils Høva til Hallingdølen fredag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

God oversikt

Det vart tidlegare i veka meldt om eitt positivt tilfelle i Nesbyen. No er det altså kome eitt til, og kommunen er oppe i to med påvist smitte så langt. Men det kan bli fleire - tre personar er testa i løpet av fredagen, medan dei ventar på svar på fire andre prøver.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Ifølge Høva er ingen av dei to smitta alvorleg sjuke. Kommuneoverlegen meiner dei har ein grei oversikt over kva dei to personane har gjort etter heimkomst, og kven dei har hatt kontakt med.

– Me har rimelig god oversikt. Dette er både oppegåande og samarbeidsvillige folk, seier kommuneoverlegen.

Mange har reist på hytta

– To hyttenesningar smitta. Er det dette de har frykta skulle skje?

– Det er som helsedirektøren sa i dag: Folk bør halde seg heime, i heimkommunen sin. Dei som allereie er på hytta, bør reise heim, seier Høva.

– Korleis vurderer du situasjonen i Nesbyen no?

– Det er ganske roleg, me har ikkje noko stort, pågåande utbrot. Men fleire er sjuke og blir testa. Me står på trappene til noko meir, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har det siste døgnet vore eit stort fokus på folk som har vald å oversjå meldingane som har kome frå både helsemyndigheiter og kommunar om å halde seg heime, og ikkje reise på hytta.

Målingar gjort fredag viser at folketalet har auka jamt og trutt siste tre dagane. Det interkommunale varslingssystemet registrerer heile tida kor mange mobiltelefonar det er innanfor regionen.

Fredag føremiddag viste tala 53.120 mobiltelefonar. Det var ein liten auke frå torsdag då det vart målt 53.074. Onsdag vart talet 48.130 mobiltelefonar.

Les også
Ser bort frå retningslinjer - hyttefolket strøymer til fjells
Les også
Følgjer strenge retningsliner for å unngå smitte
Les også
Mistanke om koronasmitte i barnehage