Turistnæringa stenger ned også på Geilo. Det gjeld hotell, skianlegg og serveringsstader.

Alle hotell, skianlegg og serveringsstader stengt også i Hol

Også Hol kommune strammar til og stenger alle hotell, skianlegg og serveringsstader i to veker.

– Dette er ingen lett avgjerd då me ser at dette kan ha store konsekvensar for næringa. Og det kjennest vondt å hindre folk å kome til kommunen vår, skriv ordførar Petter Rukke i ei pressemelding frå Hol kommune.

Strammar til

I går vart Bardøla og Highland stengt, medan Vestlia var ope. Men torsdag kveld bestemte Hol kommune ved kommuneoverlegen å pålegge alle hotell og serveringsstader å stenge ned frå i dag, fredag og to veker framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
To har testa positivt for koronavirus i Hol: — Me får det nært på oss no

– Hol kommune er ein liten kommune med sine 4450 innbyggjarar, men per i dag har me ca. 12 500 personar som oppheld seg i kommunen med 13 nasjonalitetar. Me er ikkje dimensjonert for å handtere eit så stort tal sjuke personar i samband med ein pandemi, presiserer Hol kommune.

Stengt kommunehus

Ein oppfordrar alle sterkt til å halde seg heime og unngå kontakt som er unødvendig.

– No er også kommunehuset i Hol stengt for publikum, fortel Petter Rukke..

Ber hyttefolk halde seg heime

Hol kommune følgjer også opp oppmodinga frå dei andre kommunane om at hyttefolk held seg heime slik situasjonen er no.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

– Me ønsker ikkje at folk no brukar fritidsbustadene sine i denne perioden, men held seg heime der dei bur. Dette fordi me ikkje ønsker tilreisande med mogleg smitte til kommunen, skriv Hol kommune i pressemeldinga.

Les også
Ein dugnad for framtida!
Les også
Maks femti personar per gravferd
Les også
Stenger Hemsedal skisenter og ber turistar reise heim