Koronasmitta etter å ha vore på rideleir

Ein utanbygds person er koronasmitta etter å ha vore på rideleir på Langederag.

Det er Nore og Uvdal kommune som opplyser dette i ei pressemelding fredag kveld.

– Ein utanbygds person som har delteke på rideleir på Langedrag er påvist smitta av korona. Det er snakk om ein mutert variant av viruset, skriv rådgivar i Nore og Uvdal kommune, Kate Hovdegård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittesporing er godt i gang, og det pågår no brei testing av alle som har vore utsett for smitte.

Kommunen opplyser om at den smitta er nærkontakt til ein annan person som har fått bekrefta koronasmitte.

Etter at det ferske smittetilfellet vart kjent, har fem personar blitt definert som nærkontaktar. Ingen av desse er busett i Numedal. Alle har testa negativt på hurtigtest, men har også gjennomført ordinær test.

Ingen av dei tilsette på Langedrag er definert som nærkontaktar, men dei har likevel blitt testa. Alle svar var negative.

Dette er eitt av fleire smittetilfelle i hallingdalsområdet dei siste dagane.

Les også
Smitte oppdaga i skisenter i Ål - ber folk som var der tysdag om å melde seg
Les også
Tre smitta av det muterte viruset i Gol - reiste på hytta for å sitje i isolasjon
Les også
To smitta og 38 i karantene etter privat fest: Ville ikkje hjelpe smittesporarane
Les også
Trafikkrekord i vinterferien