Ståle Onsgård Sagabråten er styremedlem i Norsk forening i allmennmedisin.

Legane si innstendige bøn: - Ikkje møt opp på legekontoret!

Folk må ikkje møte opp på legekontoret utan klarering.

Det seier lege i Nesbyen, Ståle Sagabråten. Han er styremedlem i Norsk forening i allmennmedisin, og del av Allmennlegenes innsatsgruppe Covid-19.

Saman med sine legekollegaer kjem han me ei krystallklar oppmoding til folk:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen pasientar må møte opp på legekontoret før dei er klarert. Dei vil bli kontakta på førehand. Då vil det bli avklart om dei treng å fysisk møte opp, og om dei må takast i mot med smittevernutstyr, seier Sagabråten.

Klar beskjed

Som del av innsatsgruppa for koronaviruset er han kvar morgon med på eit videomøte for å løyse dei utfordringane som dukkar opp kvar dag relatert til utbrotet. Gruppa sender dagleg ut meldingar til alle 6000 allmennlegar i landet.

– Er det mange som no berre møter opp på legekontoret utan avtale?

– Ja, dessverre er det mange som berre har møtt opp til avtalt time hjå fastlege og ikkje fått med seg oppmodinga frå helsemyndigheitene om å vurdere om dei kan vente litt med helseproblemet dei har bestilt time for, seier Sagabråten.

– Dessverre er det også nokon som ikkje har høyrt beskjeden om å halde seg heime om dei har symptom på luftvegsinfeksjon. Om desse er så sjuke at dei treng legehjelp, må dei ta kontakt på førehand for å avklare smitteverntiltak ved ei eventuell undersøking.

Ombygging

I Nesbyen er dei i full sving med å rigge seg for mottak av smitta personar. Då Hallingdølen var i kontakt med kommuneoverlege Nils Høva måndag formiddag fortalde han om hektisk aktivitet. Blant anna lagar dei no ein eigen inngang for folk med luftvegssymptom, eller der det er mistanke om smitte.

Berre dei vesentleg friske får nytte den andre inngangen. Dei som kjem til legekontoret for å bli testa for korona, må sitte i bilen.

– Me bygger om heile legekontoret, seier Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er for å førebyggje mest mogleg. Eit legekontor kan jo bli ein årestad for smitte, sidan det trass alt kjem sjuke folk innom. Me må skilje på dei ulike kategoriane av pasientar. I tillegg riggar me oss jo no for at dette kan utvikle seg og bli større, seier han.

Det er til no registrert fem tilfelle av koronasmitte i Nesbyen.

Les også
Golberg: - Idrett er uvesentleg i desse dagar
Les også
Kontramelding: Kommunane utset oppretting av koronatelefon
Les også
– Kor kom smitta frå? Kven har me smitta?
Les også
Hyttefolket reiser: 14.000 færre i Hallingdal sundag