Hallingdal planla å opprette koronatelefon for å informere folk og avlaste trykket på legevakta. Dette blir utsett inntil vidare.

Kontramelding: Kommunane utset oppretting av koronatelefon

Hallingdal planla å opprette eigen telefonlinje der folk kan få svar på spørsmål rundt mogeleg smitte. Tidleg måndag morgon kom kontrameldinga.

– På grunn av uforutsette hendingar er ikkje den eigne telefonlinja for å svara ut spørsmål rundt korona-viruset operativ dei neste dagane, og opnar ikkje mandag 16.3 klokka 0900, understrekar Ål-ordførar og regionrådsordførar Solveig Vestenfor i ei melding til Hallingdølen.

Og ho held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ber dei med milde luftvegssymptom om å halde seg heime og unngå kontakt med andre. Ring legevakt på 116117 dersom du har alvorlege symptom og treng helsehjelp.

Planla koronatelefon

Kontrameldinga kom etter at kommunane opplyste at koronatelfonen skulle opprettast frå måndag klokka 09.00

Føremålet var å avlaste legevakta. Folk har mange spørsmål, samtidig som ein ikkje ønsker at folk trappar opp på legekontoret. Derfor hadde kommunane opplegget klart for ein eigen koronatelfon som skulle gjelde heile Hallingdal.

Men på grunn av uforutsette hendingar blir dette tiltaket utsett.

Nasjonalt nummer

Det nasjonale telefonnummeret for koronainformasjon gjeld likevel. Dette er 815 55 015 som er open frå klokka 08:00-18:00 på kvardagar og 10:00-16.00 i helgar.

Retningslinjer for testing

I ei pressemelding frå kommunane i Hallingdal sundag vart det poengtert at retningslinjene for testing blir endra kontinuerleg, men det er ikkje kapasitet til å teste alle som ønsker det.

I morgontimane måndag gjeld denne melinga:

– Me ber dei med milde luftvegssymptom om å halde seg heime og unngå kontakt med andre. Ring legevakt på 116117 dersom du har alvorlege symptom og treng helsehjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til dei som er alvorleg sjuke av andre årsaker

Kommunane vil samtidig oppmode innbyggjarar som har smerter eller føler seg alvorleg sjuke, men ikkje har korona-symptom til å ta kontakt med helsepersonell og legevakt. Folk blir sjuke av andre ting enn covid-19, og det er viktig at desse kjem fram i telefonkøen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Les også
Mistanke om koronasmitte ved Ål legekontor
Les også
I heimekarantene? Dette kan du gjere