I dette huset vart ein familie på fire funne døde laurdag.

Arbeidsgjevar til den sikta: – Det var med sjokk og vantru me tok imot nyheita. Det er vårt verste mareritt

Den drapssikta mannen jobba i Hallingdal kraftnett. – Han var ein av våre tilsette, stadfestar dagleg leiar Audun Grynning.

Laurdag vart fire menneske funne omkomne i ein bustad på Torpo. Tysdag frigav politiet namnet på ofra, Ingunn Slaatten (53) og hennar to vaksne barn, Sander (22) og Signe (18).

Måndag skreiv Hallingdølen at far i familien er sikta for trippeldrap. Han er sikta for å ha tatt livet av kona og barna sine, før han tok sitt eige liv. Det er 59 år gamle Arne Slaatten som er sikta.

Artikkelen held fram under annonsen.

39 år i bedrifta

– Kven var han?

– Når eg skal svare på kven han var, må eg fokusere på den han var i arbeidstida. Og då har eg tre ord som skildrar han: Han var ein dyktig, grundig og allsidig kollega. Dette er tre ord som representerer hans tid hjå oss, seier Grynning.

Han fortel at 59-åringen hadde jobba i Hallingdal kraftnett sidan 1985. Han starta som energimontør, og tok etter kvart vidareutdanning på fagskulen på Gjøvik. Dei siste 14 åra hadde han ei ingeniørrolle.

Audun Grynning er dagleg leiar i Hallingdal kraftnett. (Arkivfoto)

Fredag før palmehelga var ein heilt normal arbeidsdag i Hallingdal Kraftnett. Grynning kan stadfesta at også den sikta var på jobb. Men dagen etterpå gjekk drapsalarmen.

Laurdag kveld tok politiet seg inn i huset på Torpo og fann fire omkomne. 59-åringen er sikta for å ha tatt livet av kona og dei to barna, før han tok sitt eige liv.

– Det var med sjokk og vantru me tok imot nyheita. Det er vårt verste mareritt, seier Grynning.

Les også
Forsvarar den sikta mannen: – I eit større perspektiv handlar det om rettsikkerheita til oss alle
Les også
– Om ein synest det er vanskeleg og ikkje veit kva ein skal si, si nettopp det! Ofte er det ein klem som gjer godt

– Ingen har skuld i dette

Grynning skildrar det kollegiale miljøet i bedrifta som svært godt. På arbeidsplassen har folk reagert ulikt på sjokkbeskjeden. Nokon stiller spørsmål om dei kunne gjort noko meir, sagt noko annleis.

– Var det noko som vart sagt som utløyste dette? Det er ikkje unaturleg å stille slike spørsmål. Men det er samtidig viktig å streke under at det er ingen som har skuld i det ubeskriveleg grufulle som har skjedd, seier Grynning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva gjer Hallingdal Kraftnett for å ta vare på dei tilsette gjennom påsken og i tida etterpå?

– Måndag morgon samla me alle og snakka saman om det som hadde skjedd. Det finst ingen medisin for dette, men å snakke om det me føler og tenkjer, trur eg er bra. Me har knytt til oss kompetanse frå bedriftshelsetenesta, og me har også oppretta eit internt telefonnummer som tilsette kan ringe om dei har behov for å prate med nokon, seier han.

Fekk tillit i soknerådet

I haust vart Arne Slaatten vald inn i soknerådet, som representant frå Torpo. Sundag, dagen etter at familien vart funne drepen, var Frøydis Stoveland Dekko, leiar i soknerådet, til stades i Torpo kyrkje.

Les også
Helsa frå familien: – Takk for all omsorg som er vist oss
– Det er heilt skrekkeleg at me har mista eit soknerådsmedlem på denne måten. Og frykteleg vondt at heile denne familien er borte, seier Frøydis Stoveland Dekko (t.v.). Ho er leiar i soknerådet i Ål. Skjærtorsdag deltok ho i sørgegudstenesta i Torpo kyrkje.

– Eg kjente at det var rett å vere der. Det var jo oss to som representerte Torpo i soknerådet, seier ho.

– Kva tenkjer du om at han er sikta for drap?

– Det er heilt skrekkeleg at me har mista eit soknerådsmedlem på denne måten. Og frykteleg vondt at heile denne familien er borte. Det gir ikkje meining. Det var ikkje kjent for meg at han hadde ei slik side, seier ho.

Dekko fortel at ho ikkje kjente han godt før dei begge hamna i soknerådet. Men å møte han der, var fint. Ho seier ho hadde berre positive møte med han og fortel at han var open om at han ikkje var av dei som sleit ned kyrkjebenkane. Han gav uttrykk for at han var glad og takksam for at han hadde fått denne tilliten, at han var vald fram av bygda si.

– Og han var innstilt på å ta si økt, som han sa. Det som var fint, sidan han stod litt på sida, var at han stilte litt andre spørsmål. Han var nysgjerrig og positiv til den oppgåva han gjekk inn i, fortel Dekko. Ho fekk inntrykk av at han hadde godt humør og var lett å spørje når det var praktiske ting dei skulle løyse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir enn ein gjerningsmann

Torpingen Birger Hilleren synest det er viktig at 59-åringen blir hugsa som det mennesket han var før dette skjedde. Onsdag skreiv han ein post på Facebook der han delte nokre tankar om mediedekninga dei siste dagane.

– Media har fokusert på ofra, og det er heilt rett. Det er bra at folk får vite kor flotte folk dei var. Men eg reagerer på at han blir heilt gløymt. Ingen har skrive noko om korleis han var. Me var ikkje nære venner, men eg rekna han som ein god bekjent. Eg hugsar han som smilande og blid, ein som alltid ville slå av ein prat. Eg synest han fortener å bli hugsa som noko meir enn «ein gjerningsmann», seier Hilleren til Hallingdølen.

– Eg hugsar han som smilande og blid, ein som alltid ville slå av ein prat. Eg synest han fortener å bli hugsa som noko meir enn «ein gjerningsmann», seier torpingen Birger Hilleren.

Han har fått mykje respons på innlegget på Facebook. Tilbakemeldinga frå mange er at han tek opp eit viktig perspektiv. «Fint at du brøytte litt veg», står det i ein av kommentarane.

– Me veit ikkje kva som har skjedd og det er frykteleg vanskeleg å fatte. Men me må ikkje gløyme kven han var før dette skjedde. Eg trur mange har tenkt på det, og kanskje sakna at nokon sette ord på det, seier han.