Helsa frå familien: – Takk for all omsorg som er vist oss

Torsdag samla bygdefolk og andre seg til sørgegudsteneste i Torpo kyrkje. På slutten av gudstenesta bar presten fram helsing frå dei næraste pårørande.

Du kan sjå opptak av sørgegudstenesta her.

Mange har søkt til Torpo kyrkje etter tragedien der fire personar vart funne døde i eit bustadhus i bygda, sist laurdag. Torsdag var det sørgegudsteneste.

Etter den grufulle hendinga der fire personar vart funne omkome i ein bustad i Torpo sentrum laurdag kveld, har ei heil bygd vore i sjokk og sorg. Torpo kyrkje har fleire dagar vore opne for folk, og i dag, torsdag, var det sørgegudsteneste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gudstenesta starta med fløytespel, preludium av J.S. Bach, framført av Linda Christine Bergaplass.

Prostiprest Ole-Jonny Kleveland Lomme (framme) og prost Sveinung Hansen leia sørgegudstenesta i Torpo kyrkje.

Så overtok sokneprest og prost Sveinung Hansen.

– Me er samla her til sørgegudsteneste i Torpo etter den ufattelege tragedien som har skjedd, der fire menneske mista livet, sa han.

I kyrkja var det tent fem lys.

– Det er eitt lys for kvar av dei døde. Det femte lyset skin for oss som lever att. For fellesskap, omsorg, kraft og håp, sa Hansen.

Fem lys var tent. Eitt for kvar av dei døde. Det femte for oss som lever att.

Rådmann Karsten Popp Dideriksen talte som representant for Ål kommune, som privatperson og som del av lokalsamfunnet.

Aller mest retta han seg mot familie og nære ramma.

– Me tenker på dykk, og de har vår djupaste medkjensle i den vanskelege situasjonen de er i. Det er viktig for meg å si at de ikkje står åleine i dette. Me står saman med dykk, sa Dideriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmann i Ål kommune, Karsten Popp Dideriksen under sørgegudstenesta i Torpo kyrkje.

No har me behov for nærleik, nokon å prate med - å kjenne at me høyrer til, framheva han.

– Det som har skjedd kjem til å prege oss i lang tid framover, både som lokalsamfunn og som enkeltmenneske. Me må sjå kvarandre, spørje korleis det går, me må vere ekstra merksame som sambygding, nabo, kollega, klassekamerat, og som ven, sa Dideriksen.

Han var også djupt berørt over korleis lokalsamfunnet søkjer saman i den vanskeleg situasjonen.

– Det einaste som hjelper mot sorg, det er å sørge. Og no kjem tida for å sørge. Det skal me gjere saman, sa han.

Deretter var det solosang og framføring av Gje meg handa di ven, folketone med tekst av Sondre Bratland, framført av Audun Moen.

– Me har fått ei ubehageleg påminning om kor sårbart livet er, sa biskop Jan Otto Myrseth.

Etter songen var det biskop Jan Otto Myrseth som fekk ordet. Han fortalde korleis meldingane om funnet av dei fire døde på Torpo har rysta heile landet vårt og opprørt menneske både nært og fjernt.

– Me har fått ei ubehageleg påminning om kor sårbart livet er og kor meiningslaust vondt døden råkar oss, sa han.

Torpo kyrkje har har opna dørene slik at bygdefolk kan halde saman i sorga. Også under sørgegudstenesta skjærtorsdag var det mange som søkte til kyrkja for å sørgje.

Myrseth understreka at me ikkje kan gjera det ugjort det som har skjedd, men me vil så godt me kan dele trøyst, slå ring om dei pårørande og stå saman i sjokket og sorga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Biskopen viste til tekstar av Svein Ellingsen som sjølv sleit med mørket. I periodar var han innlagt til psykiatrisk behandling, og salmane hans kan lesast som ein langsam veg ut av tausheita. Trua og tvilen kjempar om plassen.

– I sorgas mørke og dødsskuggens landskap er det sjeldan orda som er til størst hjelp, men det å oppdage at eg ikkje er åleine. Den viktigaste tenesta me kan gjere kvarandre er å vere der, vere til stades. Sitte ved bordet, kanskje taust lyttande, ventande. Mens lyset er tent. Slik kan me ta vare på kvarandre, med respekt for våre forskjellar – både innvendige og utvendige, sa biskop Jan Otto Myrseth.

Torpo kyrkje skjærtorsdag 2024. Det vart halde sørgegudsteneste etter at fire mennekse mista livet på tragisk vis.

Gudstenesta vart avslutta med velsigning og bøn.

Til slutt bar Sveinung Hansen fram helsing frå dei pårørande som retta ein varm takk og den største takksemd for all omsorg som er gjeve sidan tragedien skjedde for ei snau veke sidan.

Salmane som vart sunge under gudstenesta var O bli hos meg, Jeg synger meg en blå, blå salme og Jeg er i Herrens hender.

Organist var Håkon Tveito.