Slik såg det ut under koronatesting i Gol måndag.

Ein bekrefta koronasjuk i Ål — stammar frå utbrotet i Gol

Måndag fekk ein person i Ål positivt prøvesvar på korona. Kommuneoverlege Geir Strømmen bekreftar at tilfellet har samanheng med det som no skjer i Gol.

— Smittesporingsgruppa er mobilisert, og arbeidet med å finne nærkontaktar er sett i verk. Det er snakk om eit relativt omfattande smittesporingsarbeid, fortel Strømmen.

Les også
To skuleelevar blant dei koronasmitta — no blir 40 andre elevar testa

Gruppa som arbeider med å kartlegge nærkontaktar til den smitta kjem til å kontakte dei som eventuelt bør møte på legekontoret for å ta ein test.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nærkontaktane vil deretter få beskjed om å halde seg i karantene, fortel kommuneoverlegen.

Det pågåande utbrotet i Gol har fått mykje merksemd dei siste dagane. I løpet av ti dagar har det kome ni positive smittetilfelle i kommunen. Alt tidleg vart det kjent at det var forgreiningar også til Nesbyen, og i dag kom altså det første i Ål.

— Det blir lagt mykje innsats i å finne ut av utbrotet i dalen. Om me skjerpar oss no, kan me få kontroll på dette. Men det er veldig viktig at alle gjer som dei skal, held seg i karantene om dei får beskjed om det. Og, noko av det viktigaste: Hald deg heime om du kjenner på symptom. Har du luftvegsymptom, skal du ikkje gå på jobb eller skule, seier Strømmen.

Les også
Fleire tilsette ved Nortura og Norilia testa i dag - Norilia stenger ullstasjonen

Sist veke kom kommuneoverlegeforum (KOLF) i Hallingdal med seks tiltakspunkt som dei meiner innbyggarane må følgje:

* Berre ti personar bør vere samla i private og sosiale lag.

* Fritidsaktivitetar og arrangement for barn, unge og sårbare grupper blir stoppa.

* Avgrensa besøk ved helseinstitusjonar og omsorgsbustader. Det skal førast nøye oversikt over dei besøkande.

* Skjerpe inn tiltak ved skule og barnehage.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Fysiske møte, reiser og kurs i kommunal og offentleg regi skal avgrensast til eit minimum. Kommunen oppmodar private aktørar til å gjere det same.

* Kommunehuset blir stengt for besøkande utan avtale.

Alle tiltaka gjeld i første omgang fram til 1. november.

Er du usikker på kva for reglar som gjeld når du sit i karantene eller isolasjon? Sjekk oppdatert informasjon her, på heimesidene til Folkehelseinstituttet.

Les også
Får hjelp av Røde Kors: Sundag køyrde Harry koronatestar frå Gol