Illustrasjonsbilete.

Fem personar i frontkollisjon i Hemsedal

Alle vart frakta med ambulanse til Gol for legesjekk.

Ulykka skjedde på Rv52, vest for skisenteret. To personbilar møttest front mot front. Nødetatane rykte ut rundt klokka 19.30.

Totalt var fem personar involvert i ulykka. Alle er frakta med ambulanse til legevakta på Gol for vidare sjekk. Skadeomfanget er førebels ikkje kjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen var heilt stengt ein times tid, før eitt køyrefelt vart opna. Klokka 20.40 melder politiet at trafikken flyt som normalt att.

Smellen i Hemsedal var sundagens tredje front mot frontkollisjon i Hallingdal.

Då hadde det alt vore utrykking til to ulykker på Rv7, først ved Rotneim, så i Kvisla. Alle skal ha kome frå det utan store skadar. Men Vegtrafikksentralen gjekk ut og åtvara mot glatte vegar.