N/A: Politi. Blålys. Naudetatane. Illustrasjonsbilete.

Front mot front-kollisjon på Rv7

Ingen vart kritisk skadd.

Politiet melde klokka 13.20 sundag om ei trafikkulykke på Rv7 ved Rotneim. Det var snakk om ein front mot front-kollisjon, mellom to personbilar.

– Det var tre personar involvert. Ingen er kritisk skadd, seier operasjonsleiar Marius Knudsen ved politiet i Sør-Øst.

Artikkelen held fram under annonsen.

To av dei tre vart frakta til legevakta på Ål for sjekk. Den eine av dei involverte skal ha fortalt om smerter i brystet.

Årsaka til ulykka er ifølge politiet førebels ikkje kjent.

Vegen var heilt stengt ein periode, men vart seinare dirigert forbi manuelt.