N/A: Politiet, straff, dom, sikta, pågripe, domstol, påtalemyndigheit, kontroll, UP, trafikkontroll, førebygging, blålys (Foto: Illustrasjonsfoto)

Ny frontkollisjon - åtvarar mot glatte vegar

To bilar kolliderte i Kvisla sundag. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade.

Klokka 16.59 melde politiet at to bilar hadde frontkollidert i Kvislag, på Rv7.

Det var ingen alvorleg personskade. Dei involverte vart sendt til legekontoret for sjekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikken stod ei stund bom stille på staden. Alle nødetatar rykte ut. Ein time etter at ulykka skjedde, var vegen opna for trafikk att.

Tidlegare sundag smalt to bilar saman på Rotneim, også då vart det stopp i trafikken for ein periode. Der gjekk det bra med dei involverte, to personar vart sendt til legevakta på Ål for sjekk.

Vegtrafikksentralen melder om svært glatt veg fleire plassar. Dei oppfordrar alle til å ta det pent i trafikken.