Illustrasjonsbilete.

To nye smittetilfelle i Gol i dag: - Begge er nærkontaktar

No er Gol oppe i 39 smitta totalt i haust.

– Me fekk to positive prøvesvar i dag. Begge er nærkontaktar, i same husstand som tidlegare smitta. Slik sett var dei forventa, og me har god kontroll, seier ordførar Herbrand Jegleim til Hallingdølen.

Les også
Ber folk halde seg heime og foreslår strenge lokale tiltak: Sjå heile lista her

Sjølv om smittebølga i Gol ser ut til å ha flata ut, kjem det stadig nokre nye tilfelle. Onsdag kom det fire, i dag to nye. No er 39 personar bekrefta smita i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men smittesporinga er enklare no. Det er ikkje lenger det same trykket, seier Jegleim.

Sjølv om det flatar ut lokalt, blir det trappa opp nasjonalt. Torsdag kom regjeringa med nye tiltak som dei no sett i verk over heile landet, samstundes la dei fram ei liste over tiltak dei meiner bør vurderast lokalt.

Heile lista kan du lese her.

Akkurat no har Hallingdal eigne tiltak som gjeld fram til sundag. Men alt fredag vil det bli vurdert om dei skal vidareførast, eller også styrkast med fleire tiltak.

Fredag morgon møtast kommuneoverlegane i dalen for å diskutere situasjonen, deretter blir det opp til kvar enkelt kommune kva for tiltak dei skal innføre.

Les også
Heimeundervisning for elevar på vidaregåande skule frå måndag
Les også
Uroa for forverring i Oslo og Viken: – Me er veldig utsett