Det blir mykje testing i Hallingdal i dag. Her eit bilete frå Ål i januar.

To nye frå byggeplass har testa positivt: – Det er ein uoversiktleg situasjon

I alt tre personar knytt til same byggeplass har testa positivt i Hemsedal. Kommuneoverlegen er budd på at det kjem fleire.

I alt er no 80 personar i kommunen sett i karantene. I tillegg er deira nærkontaktar i såkalla ventekarantene.

Store konsekvensar

Det første positive tilfellet i Hemsedal kom måndag ettermiddag. Ein person som vart sjuk sundag testa seg, og fekk utslag for koronaviruset. Det fekk store konsekvensar. 40 personar vart sett direkte i karantene. Mange av desse frå Hemsedal, men også to andre kommunar i Hallingdal er råka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Svært strenge tiltak i Viken - frå midnatt blir det meste stengt ned

I Hemsedal bestemte dei seg for å teste sine alt måndag kveld. Det vart gjort med hurtigtest.

Det gav to nye positive tilfelle.

– Det som uroar er at desse ikkje har nokon direkte samanheng, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Alle har vore knytt til den same byggeplassen, men tilhøyrer ulike firma.

– Me jobbar for å prøve å finne fellesnemnaren her, seier ho.

100 timar sporing

I løpet av måndag kveld brukte smittesporarane i Hemsedal cirka 100 timar på å spore opp alle som måtte i karantene. I alt er åtte kommunar råka.

– Eit par kommunar i Hallingdal har mange som er råka, seier Underland.

Les også
«Av alle dumme tiltak og reglar ... DETTA tar vel kaka?»

Dei som er i karantene og som tilhøyrer andre kommunar, blir testa i eigen kommune i løpet av tysdag. Det er venta at det vil bli brukt hurtigtestar, slik at svara kjem raskt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir spennande å sjå kva som skjer utover dagen. Me har gått veldig breitt ut no, og håpar me har ramma det inn. Men signalet frå i går tydar på at me må vere budd på at det kjem meir. Eg vil bli veldig letta om me ikkje får fleire positive tilfelle i dag, seier Underland.

– Dei to nye positive tilfella, utløyser dei mykje ny sporing?

– Så langt me veit no, tilhøyrer desse eit ganske lukka miljø. Så enno er det ikkje store ringverknader. Men om me får positive svar frå andre kommunar også, kan konsekvensane bli større, seier Underland.

Frykta er at det kan ha gått smitte under radaren på byggeplassen. I etterkant vil kommunen gå gjennom og sjå på korleis rutinane har vore.

– Men me må først kartlegge og få oversikt over denne smitten, seier Underland.

Les også
Påbodet om munnbind held fram til over påske