Me har blitt godt vant med å gå med munnbind i løpet av dei siste månadene.

Påbodet om munnbind held fram til over påske

Heilt sidan før jul har me vent oss til å ta på munnbind kvar gong me går inn på ein offentleg stad. Det må me fortsetje med ei stund til.

Påbodet om munnbind har blitt forlenga i nokre veker om gongen heilt sidan nyttår. Sist gong det vart forlenga, vart det sett til å vare fram til 15. mars. Det var i går.

Derfor måtte kommunane i Hallingdal måndag diskutere om dei skulle gå for ei vidare forlenging. Unntaket er Flå, som har ei forskrift som gjeld fram til 23. mars. Dei kan dermed vente ei veke med å ta ei ny avgjerd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over påske

Dei andre kommunane ser ut til å vere samstemte: Påbodet blir utvida til over påske i både Gol, Nesbyen, Hol, Ål og Hemsedal.

Les også
Ein smitta - 40 personar ved same arbeidsplass er sett i karantene

Nøyaktig kor lenge kvar kommune vil halde fram med påbodet, varierer noko:

Gol, Nesbyen og Ål forlenger fram til og med 12. april. Hemsedal går for 5. april, altså 2. påskedag.

I Hol diskuterte dei varigheit for ny forskrift måndag ettermiddag.

Må kunne halde meteren

Gol kommune var tidleg ute med å lage ei ny forskrift måndag. Etter det Hallingdølen kjenner til, er ordlyden omtrent lik hjå dei andre kommunane.

Les også
Svært strenge tiltak i Viken - frå midnatt blir det meste stengt ned

Forskrifta seier at ein skal bruke munnbind i butikkar, på serveringsstader, i tru- og livssynsbaserte lokale, i alle typar fellesområde innandørs og i lokale for kultur-, sport- og fritidsaktivitetar der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje dei som utøver fysisk aktivitet.

Påbodet gjeld også for dei som reiser kollektivt, i buss, taxi, skibuss og skulebuss.

Vidare skal tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meter avstand frå besøkande bruke munnbind - det dreier seg om plassar der det ikkje er sett i verk andre smitteverntiltak for dei tilsette, som bruk av visir, skiljeveggar og så vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Påbodet gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske grunnar ikkje kan bruke munnbind.