Alle dei 40 nærkontaktane vil bli testa tysdag. Her eit bilete frå testing i Ål rett etter nyttår.

Ein smitta - 40 personar ved same arbeidsplass er sett i karantene

Ei lang rekke personar hamna måndag i karantene etter at ein person fekk påvist koronaviruset i Hemsedal.

– Det er mistanke om at smitta kjem frå arbeidsplassen, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

– Betyr det at de fryktar at det er smitte laus på denne aktuelle staden?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mogleg, ja, seier Underland.

Arbeidsplassen som no er råka tilhøyrer bygg- og anleggsbransjen.

«Ventekarantene»

Personen som no er bekrefta smitta fekk symptom sundag. Då vedkommande vart testa måndag, slo prøven ut positivt. Smittesporingsgruppa heiv seg rundt, og 40 personar hamna rett i karantene.

Les også
Hallingdal kan få like strenge tiltak som Oslo: - Vil vere dramatisk

Men omfanget er større: Etter at det muterte viruset begynte å herje Norge, har reglane blitt strengare enn før. Det betyr at i tillegg til dei 40, hamnar også deira husstandsmedlemmar i såkalla «ventekarantene». Det betyr at dei er i karantene fram til nærkontakten til den smitta har fått testa seg og eventuelt mottatt eit negativt svar.

– Om me skulle plukke opp meir smitte, har me sikra at deira næraste alt er i karantene, seier Underland.

Blir testa tysdag

Smittesporingsgruppa i Hemsedal jobba måndag ettermiddag med å varsle alle som skal i karantene. I tillegg er to andre kommunar i Hallingdal råka. Sporingsgruppene i desse kommunane jobbar også med varsling.

Les også
20.000 i bot for karantenebrot

Dei 40 som er sett i karantene vil bli testa tysdag.

Underland seier dei så langt meiner å ha kontroll på situasjonen, men:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir spennande å sjå kva me avdekker vidare. Om det viser seg å vere meir smitte på denne arbeidsplassen, kan det få store konsekvensar. Då kan det vere snakk om eit utbrot. Men me håpar me har gått breitt nok ut no, og ramma det godt inn, seier Underland.