Gol sentrum: Gol sentrum

Svært strenge tiltak i Viken - frå midnatt blir det meste stengt ned

Hallingdal protesterte kraftig mot at nye tiltak i Viken skulle gjelde alle kommunane. Dei vart ikkje høyrt. No stenger heile fylket ned, til over påske.

Det opplyste helseminister Bent Høie på ein pressekonferanse måndag kveld.

Alle dei 51 kommunane i Viken er no på tiltaksnivå A.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Solveig Vestenfor om nedstenginga: — Dette er dramatisk

Det betyr mellom anna stenging av serveringsstader og stort sett alle butikkar, med nokre unntak. Treningssenter, svømmehallar, bibliotek og kino er blant dei som må stenge. Forbod mot arrangement, heimekontor, full skjenkestopp og stans av alle idretts- og fritidsaktivitetar.

Tiltaka skal gjelde frå midnatt 15. mars, til og med 11. april. Det betyr helga etter påske.

Her er heile lista over det som ligg i tiltaksnivå A:

Skular og barnehagar:

* Gult tiltaksnivå. Kommunen kan bestemme raudt nivå det er nødvendig frå ei smittefagleg vurdering.

* Lokaler ved universitet, høgskule og fagskule blir stengt, og undervisninga skal gå føre seg digitalt.

Arrangement:

* Alle arrangement utanfor heimen blir forbode, både inne og ute, med unntak av gravferd.

* Digitale arrangement med maksimalt fem personar til stades, i tillegg til utøvarar og nødvendig produksjonspersonell er tillate.

Artikkelen held fram under annonsen.

Idretts- og fritidsaktivitetar:

* Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet for vaksne og unge - med eitt unntak. Det blir tillate med utandørs aktivitet for barn og unge under 20 år, så lenge det skjer i grupper på inntil 10 personar og alle deltakarar kjem frå same kommune.

Arbeidsplassar:

* Påbod om heimekontor for alle som kan.

Butikkar og teneste:

* Alle butikkar og varehus skal vere stengt, med desse unntaka:

– Matbutikkar

– Butikkar som sel dyrefôr

Artikkelen held fram under annonsen.

– Apotek

– Bandasjistar

– Optikarar

– Vinmonopol

– Ein til ein-tenest som frisørar og hudpleie

– Helsefaglege verksemder som fysioterapi, kiropraktorar osv

– Bensinstasjonar

– Verksemd som sel til landbruk og dyreproduksjon

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lager- og grossistdelen i forretningar som sel til handverkarverksemd og liknande.

Restaurantar, kafear, barar og hotell:

* Serveringsstader blir stengt, men kan ha take away.

* Full skjenkestopp.

* Serveringsstader på hotell kan servere mat til overnattande gjester.

Desse verksemdene skal halde stengt:

* Treningssenter

* Svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og liknande.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Bibliotek.

* Museum.

* Kino, teater, konsertstader.

Anbefalingar:

* Alle bør unngå besøk heime og samlingar i eigen heim. Det er unntak for heimetenester og besøk hjå folk som er i livets siste fase.

* Aleinebuande kan ha besøk av eller gå på besøk til ein eller to faste vener eller ein fast husstand.

* Barn, i tillegg til besøk frå eigen barnehage- og barneskulekohort, og unge kan ha besøk av eller gå på besøk til ein eller to faste vener.

* Det bør vere to meter avstand i møte med andre personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Alle bør unngå reiser som ikkje er nødvendige.

* Det er lov å reise på hytta, men berre med personar frå eigen husstand.

I tillegg gjeld det plikt om å bruke munnbind der ein ikkje kan halde ein meter avstand.

Protesterte kraftig

Tidlegare måndag var kommunane i Hallingdal med i eit hastemøte med statsforvaltaren og helsemyndigheitene. Her vart dei servert forslaget om at heile Viken skulle få dei same reglane å halde seg til.

Dei tok til motmæle. Særleg melde Ål-ordførar Solveig Vestenfor klart frå om kva ho meinte.

Men innspela frå Hallingdal vart ikkje høyrt. Ifølgje helseminister Høie ønska fleirtalet av kommunane i Viken regionale tiltak. 13 kommunar sa det motsette. Tre var usikre.

Høie kommenterte motstanden frå kommunane på pressekonferansen måndag.

– Hyttekommunane blir råka fordi næringslivet dessverre blir råka. Restaurantane kan ikkje ha ope for andre enn eventuelle gjester ved hotellet. Det blir skjenkestopp, og alle butikkar utanom matbutikkar blir stengt, sa helseministeren.

Les også
Ein smitta - 40 personar ved same arbeidsplass er sett i karantene