Solveig Vestenfor (Ap), ordførar i Ål og regionrådsordførar i Hallingdal, var vertinne for stortingspolitikarane i transportkomiteen. Ho gav dei klar melding om bygging av Ringeriksbanen.

Tindrande klar tale om Ringeriksbanen: – Kanskje har me vore for snille, men no er det alvor!

Det var ein klar og tydeleg regionrådsordførar som leksa opp argumenta for å bygge Ringeriksbanen og ny E16.

I salen i Ål kulturhus sat samferdselskomiteen på Stortinget. Dei er i Hallingdal for å bli kjent med regionen og for å få innspel til ny Nasjonal transportplan som kjem opp til behandling i Stortinget til våren.

Ål-ordførar og regionrådsordførar Solveig Vestenfor (Ap) la ingenting i mellom då ho heldt sin appell tysdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politikk handlar om å ville. Det handlar om at vår samtid prioriterer noko for framtida. Eg har berre lyst til å understreke dette. De kan gjere den store skilnaden for framtida, om de løyver dei 50 milliardane til Ringeriksprosjektet og FRE16, sa Vestenfor frå talarstolen.

– No er det alvor

Samferdselskomiteen har vore rundt i heile Buskerud og høyrd om både vegar og beredskap. Tysdag ettermiddag handla det om Bergensbanen og naturleg nok kampen for å få korta inn denne med ein time ved å bygge Ringeriksbanen.

Trond Helleland (H) og resten av transportkomiteen på Stortinget vart varma opp med historiske filmklipp på storskjerm. Dei fekk sjå ein ung Helleland danse laus på Sundrehall i eit TV-opptak frå 1977. Liv Kari Eskeland (H) (t.v.) og Frank Edvard Sve (Frp).

– Når me snakkar om Bergensbanen er det viktig for meg å understreke at dette er eit nasjonalt prosjekt. Det er viktig for oss, og for heile landet. Banen knyter saman dei to største byane og har rett og slett blitt nedprioritert altfor lenge, slo ordføraren fast.

No toler ikkje regionen så mykje meir, skal me tru Vestenfor.

– Hallingane er utolmodige. Hallingane brenn for samferdsel. De kan berre lese av dagens framside i Hallingdølen, så ser de det. Det eg lurer på er om me hallingar har vore for snille. Eg berre understrekar at no er det alvor, sa ho.

Folk oppteken av klima

Vestenfor lyfta fram argumenta for å løyve dei 50 milliardane til fellesprosjektet veg/bane. Ho trekte fram miljøargument både med å få meir gods over på bane, og den store turisttrafikken til og frå Hallingdal. Det siste ikkje minst for å avlaste ein hardt belasta Rv7.

Les også
Lokale aksjonistar tok imot politikarane: – Me vil vise at Ringerike ikkje lenger aksepterer at folk kjem hit og bløffar

Ho snakka om pendlartog, næringsutvikling og samfunnsutvikling.

– Folk er opptekne av å vere meir klimabevisste, og det kan me vere viss me vel å ta toget. Med ein time kortare reiseveg er det klart at det betyr noko. Viss Ringeriksbanen kjem, vil toget vere eit reelt alternativ inn og ut til Oslo, poengterte ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg vil tiltaket vere med å avlaste Osloområdet og skape nye bu- og arbeidsregionar.

– Det eg lurer på er om me hallingar har vore for snille. Eg berre understrekar at no er det alvor, sa Solveig Vestenfor i sitt innlegg om Ringeriksbanen.

– Folkens, det er 31 år

Ordføraren avslutta med å presisere at fagetaten Bane Nor har prioritert Ringeriksbanen framfor Arna-Stanghelle (K5), at Hallingdal har banen som fyrsteprioritet, saman med både tidlegare Viken- og no Buskerud fylkeskommune.

– Nesten heile austlandsområdet prioriterer Ringeriksbanen og FRE 16 først. Det bør seie noko om verdien av dette prosjektet, understreka ho og la til at viss det er opning for å starte på E16 fyrst, så ein halde fast ved traseen i den statlege reguleringsplanen.

– Folkens, det er 31 år sidan Ringeriksbanen vart vedteken på Stortinget. Sjølv sindige hallingar blir utolmodige. No har de sjansen, var siste oppmodinga hennar.

– Har ikkje landa

Leiar i samferdselskomiteen Sigbjørn Gjelsvik (Sp) noterte seg den klare talen frå Vestenfor.

– Det er veldig bra at ein er tydeleg på utfordringane og på det ein treng å få på plass. Ringeriksbanen er eit veldig stort prosjekt som me no sit og diskuterer i samband med Nasjonal transportplan som regjeringa vil legge fram i mars, seier Gjelsvik til Hallingdølen.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) er leiar i transportkomiteen på Stortinget, som denne veka er på komitereise i Hallingdal.

– Har regjeringa tatt standpunkt?

– Nei, regjeringa har ikkje landa sitt forslag til Nasjonal transportplan. Det som er utfordringa er at Ringeriksbanen er eit prosjekt som lenge er snakka om og som det er gjort vedtak om, men som det ikkje har følgd pengar med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
33 personar har selt heimen sin på grunn av Ringeriksbanen - det har kosta 200 millionar

– Kjem de med pengane?

– Det kan eg ikkje svare på her. Men det som er tydeleg framheva er verdien i prosjektet og viktigheita, blant anna frå regionen her. Ringeriksbanen eit av dei største samferdselsprosjekta. Komiteen er her i dag for å høyre tydeleg kva som er prioriteringane. Så må me setje det inn i eit system i høve til behova i dei ulike områda av landet, seier Gjelsvik.

Tunge signal for K5

Hallingdølen skreiv tysdag om dei 33 personane som har selt husa sine fordi dei kjem i den planlagde veg/banetraseen.

– Føler du eit ekstra ansvar for å følgje opp eit slikt prosjekt når folk faktisk har selt eigedommane sine?

– Eg har veldig stor forståing for konsekvensane det har for enkeltpersonar, både dei som har innløyst eigedommar, og det å få tatt ulykkesbelasta strekningar som Skaret-Hønefoss. Eg kjenner på ansvaret, definitivt, seier Gjelsvik.

– Regjeringa har ikkje konkludert, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fagetatane har prioritert Ringeriksbanen framfor Arna-Stanghelle (K5). På spørsmål om kva som gjer at regjeringa kan lande på ein annan konklusjon, svarar Gjelsvik at alle prosjekt har sine særeigenheiter. K5 handlar blant anna om rassikring.

– Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har vore på Vestlandet og uttalt at dei vil bygge ut K5. Betyr ikkje det at dei faktisk har prioritert K5 framfor Ringeriksbanen?

– No får me ta ting i rekkefølgje, og Nasjonal transportplan kjem snart. Men det er klart at det som regjeringa allereie har sagt om ulike prosjekt, ligg sjølvsagt tungt inne når me skal gjere prioriteringar. Men korleis me kjem til å skru saman transportplanen, det kjem eg ikkje til å gi noko svar på her, svarar Sigbjørn Gjelsvik.

Artikkelen held fram under annonsen.