Seks av dei 33 husa som er kjøpt opp for å klargjere for Rngeriksbanen. Fåå Sandvika til Sundvollen går veg og bane i kvar sin trase. Frå Sundvollen til Hønefoss i fellestrase.

33 personar har selt heimen sin på grunn av Ringeriksbanen - det har kosta 200 millionar

Bustader og hytter er selt for å gje plass til Ringeriksbane og ny E16. Hittil er det brukt 200 millionar kroner på kjøp av 33 eigedommar. 29 står på vent.

I desse dagar står slaget om Ringeriksporteføljen. Fellesprosjektet Ringeriksbane og ny E16 mellom Skaret og Hønefoss har ein samla prislapp på ca. 50 milliardar kroner.

Tiltaket vil korte reisetida med tog mellom Bergen og Oslo med ein time og fjerne ei vegstrekning med svært stygge dødstal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prinsippvedtaket om å bygge Ringeriksbanen er over 30 år gammalt og var del av avtalen om å bygge stamveg aust-vest gjennom Valdres. I seinare år har regjeringar feira at no kjem banen, mens opposisjonen har vore utolmodig og pressa på for ei endå kjappare realisering.

Like fullt er risikoen at regjeringa vil skuve ytterlegare på prosjektet når Nasjonal transportplan skal opp til behandling i Stortinget til våren.

Nye Veier har planane klare og ventar berre på løyving frå politikarane.

Krav om innløysing

Det skjer trass i lovnader og det faktum at det alt er brukt to milliardar kroner i planlegging og optimalisering. Men det stoppar heller ikkje der. Ringeriksporteføljen har alt fått store konsekvensar for private huseigarar langs banen og vegen.

Innløysinga av bustader har skjedd frå 2017 då Statens vegvesen og Bane Nor stod for utføringa. Frå 2021 er kjøpa gjort av Nye Veier.

Seks av dei 33 bustadene som er kjøpt for å realisere Ringeriksbanen. Det er brukt nær 200 millionar kroner på eigedomskjøpa til no. Oppe frå venstre: Furulundveien 14, Tolpinrudveien 10 og 12 og Mælingen 38. Nede frå venstre: Viksenga 18, Røyseveien 92 og Røyseveien 94.
Les også
Ringeriksbanen krev mindre areal - har kutta tusen dekar

I 2020 vart den statlege reguleringsplanen vedteken. Ein konsekvens av den er at alt areal i den framtidige traseen er bandlagt. Dette har store konsekvensar for både Ringerike og Hole kommune. I tillegg har private huseigarar rett og krav på å få eigedommen innløyst.

Så langt har over halvparten av dei nytta seg av tilbodet.

Har kjøpt 33 eigedommar

Bileta til denne artikkelen syner eit godt utval av desse eigedomane. Her har folk valt å selje hus og heim fordi eigedommane kjem i den nye veg- og banetraseen. Til no er det inngått avtale med 33 grunneigarar. 29 står att før alle eigedommar er kjøpt opp av prosjektet.

– Eigedommane er kjøpt ved frivillig sal, og grunnervervet er starta opp etter ønske frå tidlegare eigar, opplyser utbyggingsdirektør Morten Klokkersveen i Nye Veier, som i 2021 overtok Ringeriksporteføljen frå Statens vegvesen og Bane Nor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Morten Klokkersveen er utbyggingsdirektør i Nye Veier.

Sjølv om spaden ikkje er sett i jorda, har den planlagde utbygginga altså kome langt og fått konsekvensar for mange enkeltpersonar langs traseen.

Dei fleste i felleskorridoren

Dei innløyste eigedommane er fordelt på tre kommunar. 17 av dei ligg i Hole kommune, 11 i Ringerike og 5 i Bærum.

Det dreier seg stort sett om bustader. Eitt av husa er rive. Ein av dei 33 eigedommane er ei hytte.

Mellom Sandvika og Sundvollen vil Ringeriksbanen og E16 gå kvar for seg, mens det frå Sundvollen til Hønefoss vil bli bygd i fellestrase. Av eigedommane som er innløyst til no, ligg dei fleste - nær to tredelar - i fellestraseen, resten i hovudsak langs den nye E16-traseen mellom Sundvollen og Skaret.

Ringeriksbanen og E16 skal gå i felles trase frå Sundvollen til Hønefoss.
Les også
Alarmklokkene går: Regjeringa kjem ikkje til å prioritere Ringeriksbanen i NTP

Det står framleis att å løyse inn 29 eigedommar for å gjennomføre utbygginga. Av dei er 20 bustader, eitt gardsbruk, 7 hytter og ein garasje. Gardsbruket ligg i Hole.

Den geografiske fordelinga av det som står att er slik: 17 eigedommar i Hole, 9 i Ringerike og 3 i Bærum.

Til no har Ringeriksporteføljen innløyst eigedommar for i underkant av 200 millionar kroner. Medrekna det som kjem, vil beløpet samla ende på rundt 400 millionar.

I tillegg kjem det grunnkjøp av andre typar eigedommar, altså ikkje bustader eller hytter. Dette er ikkje med i summen på 400 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ringerike kommune legg til rette for Ringeriksbane og fleire folk. Blant anna med Hov skole.

Investert tre milliardar

Dette blir likevel småbeløp samanlikna med det Ringerike kommune har investert i å legge til rette for den auka trafikken Ringeriksporteføljen vil utløyse. I 2015 fekk kommunen i oppdrag av dåverande samferdselsminister, Ketil Solvik-Olsen (Frp) å yte sin del og setje i verk nødvendige tiltak.

– Kommunen har sidan 2015 investert nær tre milliardar kroner på forskjellig infrastruktur, som særleg har samanheng med lovnadene og forventningane om Ringeriksbanen, uttalte tidlegare varaordførar i Ringerike kommune, Dag Erik Henaug (H) til Hallingdølen hausten 2022.

Kommunen har oppretta eiga avdeling for plan og strategi for å handtere desse oppgåvene. Større kapasitet på renseanlegg, nytt vassverk og to nye skular er blant tilretteleggingane som elles er gjort.