Folk møtte opp for å markere kampen for Ringeriksbanen då samferdselskomiteen på Stortinget kom ti Hønefoss måndag kveld. Her helsar komiteleiar Sigbjørn Gjelsvik på Hole-ordførar Syver Leivestad (H).

Lokale aksjonistar tok imot politikarane: – Me vil vise at Ringerike ikkje lenger aksepterer at folk kjem hit og bløffar

Eit femtitals aksjonistar stod klare då samferdselskomiteen på Stortinget kom til Hønefoss måndag kveld.

Komiteen er på rundreise i Buskerud, og er tysdag på veg til Hallingdal der det blir stopp både på Flå, Nesbyen, Gol og Ål før dei reiser vidare og overnattar på Geilo.

Det er Ringeriksbanen og ny E16 som trigga aksjonistane på Hønefoss. Mang ein statsråd og politikar har lovd og garantert for bygging av Ringeriksbanen, men like fullt er prosjektet heilt i det blå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mogeleg me har vore naive og trudd på at dette skulle skje, men me føler oss litt lurt. Det skjer ingen ting, sa ordførar i Ringerike, Runar Johnsen (H) i sitt innlegg til stortingspolitikarane.

Det er Ringerikes Blad som skriv dette.

Krev handling no

Framfor rådhuset hadde lokalpolitikarar frå Ringerike, Hole og Jevnaker samla seg med klar melding om at NO må banen og ny veg byggast. Ungdomspolitikarar var på plass, også frå regjeringspartia. Det same var representantar for næringsliv og interesseorganisasjonar.

– Me vil vise at Ringerike ikkje aksepterer lenger at folk kjem hit og bløffar, uttalte Ivar Gunnar Lia i Banevokterne til Ringerikes Blad.

Les også
33 personar har selt heimen sin på grunn av Ringeriksbanen - det har kosta 200 millionar

Han og aksjonistane har forrige regjerings kakeetinga på Sundvollen friskt i minne. Dagens regjering prøvde å ta Ringeriksporteføljen vekk frå Nye Veier i fjor haust, men måtte gi opp i forhandlingane med SV. No står slaget om Nasjonal Transportplan som Stortinget skal behandle til våren. Uttaler frå lokale Ap- og Sp-politikarar tyder på at prosjektet sit langt inne hjå dagens regjering.

Hole-ordførar Syver Leivestad (H) har lenge kjempa for gjennomføring av Ringerikeporteføljen. Arkivfoto

11 drepne på 10 år

Ordførarane i Hole og Ringerike gav klar melding til stortingspolitikarane i møtet. Hole-ordførar Syver Leivestad (H) poengterte blant anna den stygge ulykkesstatistikken på vegstrekninga mellom Sollihøgda og Hønefoss.

– 11 personar har døydd på denne vegen på 10 år. Det er ingen stader i Norge kor det er fleire som døyr, poengterte Leivestad ifølgje Ringerikes Blad.

Innlegget gjorde inntrykk på komiteleiar Sigbjørn Gjelsvik (Sp). På spørsmål frå Ringerikes Blad om kor lenge det kan fortsette slik, svar han:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er forferdeleg tragisk med alle dei alvorlege ulykkene med drepne og hardt skadde, og det berører veldig sterkt. Men utfordringa her er at mindre tiltak ikkje vil løyse situasjonen fullt ut, slik ein kanskje kan gjere andre plassar.

Les også
Bergensbanen si innkorting - samfunnsbygging eller magaplask?

Utfordringa er at Ringeriksporteføljen kostar 53 milliardar. Gjelsvik poengterte at den nye Nasjonal Transportplan må vera meir realistisk enn det han opplever at den førre planen har vore.

– Me må gå inn og sjå kva som er mogeleg å få til, innanfor kva for tidshorisont, sa Gjelsvik til Ringerikes Blad.

Trond Helleland (H) er nestleiar i samferdselskomiteen på Stortinget. Han sette pris på markeringa til aksjonistane.

– Fyll opp bussar

Trond Helleland (H) er nestleiar i transportkomiteen, og har tidlegare framheva kor viktig det er at eit heilt lokalsamfunn engasjerer seg når ei så viktig samferdselssak skal behandlast.

Han likte engasjementet som vart vist framfor rådhuset på Hønefoss.

– Dette var ein god start. Når Nasjonal transportplan kjem, bør ein fylle bussar og tog til Oslo med både hallingar, ringerikingar og folk frå hele banestrekninga, sa Helleland til Ringerikes Blad.