Biletet syner korleis Ringeriksbanen og ny E16 vil sjå ut ved Sundvollen.

Bergensbanen si innkorting - samfunnsbygging eller magaplask?

Av Jørgen Moe og Knut Arne Gurigard, for RingHall Alliansen. Vegard Einan, regiondirektør NHO Viken Oslo, og Jan Petter Gundersen, regionleder LO Buskerud

Vil Arbeiderpartiet og Senterpartiet stå ved tidlegare lovnader om bygging av Bergensbanen si innkorting?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort historikk

Ringeriksbanen eller meir korrekt Bergensbanen si innkorting vart fyrste gong planlagt på 1850-talet. Og me har for alvor trudd på dette prosjektet dei siste 30 åra, ut frå det Stortinget og vekslande regjeringar har lovd. Frå 2015 vart det eit taktskifte, der det auka på med blautkakeeting. I samband med Nasjonal Transportplan (NTP) i 2021 trudde mange at tidlegare lovnader endeleg skulle bli innfridd. Så å seia eit samla storting var tydeleg på at no skal Ringeriksbanen byggjast.

Eit nytt moment vart markert då Samferdselsdepartementet med dåverande samferdselsminister Knut Arild Hareide skreiv avtale med Nye Veier, som skulle få oppdraget med å bygge. Prosjektet vart lagt på straffemerket. No var det berre å setje ballen i mål. NTP-en la opp til førebuande arbeid i 2022/ 2023 og full anleggsstart påfølgjande år. Noverande regjeringsparti, Arbeiderpartiet og Senterpartiet, var endå meir offensive og ville helst ha full anleggsstart endå tidlegare.

Etter regjeringsskifte i 2021 kom tvilen sigande, og den blir stadig sterkare. Me opplevde ein tidlegare ordførar i Fredrikstad og no samferdselsminister, Jon Ivar Nygård, som etter beste evne prøvde seg på eit «togrøveri», noko han ikkje lykkast med i fyrste omgang. Men det er eit faktum at prosjektet har stått fullstendig på pause etter at den nye statsråden kom inn i kontora.

Me ventar no på ein ny NTP 2025 – 2036, der regjeringa skal legge fram sitt framlegg før påske. Ut frå dei signal som blir gjeve frå dei som har kjennskap til samferdselsdepartementet og regjeringa sitt arbeidd, kan det verke som at Bergensbanen si innkorting skal setjast på eit sidespor, eller bli forsøkt skrinlagt.

Kva vil Bergensbanen si innkorting ha å seie?

Bergensbanen si innkorting er det viktigaste infrastrukturtiltaket på Bergensbanen, for Ringeriksregionen og Hallingdal, i dette hundreåret. Og prosjektet er viktig for Norge.

Miljø

Bergensbanen si innkorting er det einaste prosjektet med direkte konvertering av reisande frå fly til tog. Samla analyse av konkurranseforholdet mellom fly og tog mellom Bergen og Oslo med ei reisetid med tog ned mot fire timar, tilseier at om lag 45 prosent av dagens flyreiser vil flyttast til tog. Eller at samla marknadsdel for tog aukar frå dagens om lag 20 prosent til om lag 55 prosent, når reisande med bil og buss er haldne utanfor. Det bidreg til å redusere klimagassutsleppet frå fly med om lag 65 000 tonn CO2-ekvivalenter. (Kjelde «It’s tomorrow» – Multiconsult, 2022). Sagt på ein annan måte – reduksjon i klimagassutsleppa tilsvarar 20.000 bensinbilar som køyrer 20.000 km/år.

Bergensbanen si innkorting er det einaste store og byggeklare prosjektet i den nasjonale samferdselsportefølja som vil bidra til eit betydeleg redusert klimaavtrykk. Samstundes vil det sikre grunnlaget for framleis verdiskaping og vekst på heile strekninga mellom Norges to største byar, Oslo og Bergen.

Trafikktryggleik

Ved realisering av Fellesprosjektet Bergensbanen si innkorting og E16, vil trafikktryggleiken på det som har fått status som Norges farlegaste vegstrekning bli dramatisk forbetra.

Artikkelen held fram under annonsen.

E16 mellom Skaret og Hønefoss som er ein relativt kort vegstrekning, hadde 9 drepne og 34 alvorleg skadde i perioden 2012 – 2022.

Regional utvikling

Nytt regiontogsamband kortar reisetida Oslo-Hønefoss (-Bergen)med nesten ein time. Dette gjer det mogeleg med to tog i timen kvar veg mellom Oslo og Hønefoss, i tillegg til ein fjerntogavgang annankvar time.

For fleire av regionane langs Bergensbanen vil realisering av Bergensbanen si innkorting og ny E16 Høgkastet – Hønefoss vera heilt avgjerande for vidare utvikling og vekst. Prosjektet vil mellom anna:

• Bidra til å skapa ein helt ny bu- og arbeidsmarknadsregion 35 minutt frå Oslo, som vil avlaste framtidig press på hovudstadsområdet.

• Binde saman regionar langs og i tilknyting til Bergensbanen.

• Binde Austlandet og Vestlandet nærare kvarandre.

• Bidra til betydeleg verdiskaping i samfunnet, på heile strekninga Oslo-Bergen, spesielt i Ringeriksregionen og Hallingdal, men også på Voss og i Bergensområdet/ Vestland.

• Bidra til at tog blir eit reelt og kraftfullt samferdselstilbod til ein av dei største reiselivsregionane i landet, Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Bidra til å gjera tog meir konkurransedyktig i forhold til fly mellom Oslo og Bergen, og med det legge til rette for mykje meir miljø- og klimavenleg persontransport.

• Bidra til å gjera jernbane meir konkurransedyktig i forhold til vegtransport, og dermed legge til rette for mykje meir miljø- og klimavenleg gods- og varetransport.

Kor mykje er investert

Det er nytta over 2 milliardar kroner i planlegging og førebuing dei siste 10 åra. I dette ligg ca. 200 mill. til grunnundersøkingar, for å sikre seg mot overraskingar i forhold til grunnforhold, noko som har vore ein gjengangar i fleire større jernbaneprosjekt. Det løyst inn ca. 30 bustader og like mange har førebudd seg på flytting.

Parallelt med den omfattande, statlege satsinga, har både kommunar og næringsliv langs Bergensbanen planlagt og lagt til rette for heilt nødvendig utvikling og vekst, med utgangspunkt i den største samferdselsinvesteringa som er planlagt sidan Bergensbanen vart bygd. Det er allereie investert fleire milliardar kroner langs strekninga, og det er skapt enorme forventningar.

Ringerike kommune fekk eit oppdragsbrev av regjeringa i 2015, med utgangspunkt i at Bergensbanen si innkorting og E16 skulle byggjast. Kommunen har teke risikoen og teke opp lån på over 3 milliardar for å legge til rette for den infrastrukturen som trengs for å oppfylle oppdragsbrevet.

Lønsemd

Det blir av enkelte gjeve inntrykk av at Fellesprosjektet Bergensbanen si innkorting og E16 har dårleg samfunnsnytte samanlikna med andre samferdselsprosjekt i landet. Dette er ikkje korrekt. Nye Veier har gjennom sitt arbeid forbetra lønsemda vesentleg. Som ein illustrasjon:

Nettonytte NNB (netto nytte pr. budsjettkrone)

* Fellesprosjektet Bergensbanen si innkorting og E16, NNB -0,5

Artikkelen held fram under annonsen.

* E134 Oslofjordforbindelsen, byggetrinn 2, NNB -1,1

* Rv4 Grua – Roa, NNB -1,1

* E134 arm til Bergen (svært tidleg planfase KVU), NNB -0,8

Kva kan me håpe på

Det vil vera mildt sagt oppsiktsvekkjande dersom regjeringa direkte eller indirekte skrinlegg eit nasjonalt samferdselsprosjektet som så å seie eit samla storting har ynskt og vore for i fleire tiår, og som det vart sagt så tydleg ja til for tre år sidan. Det er ferdig planlagt og det er nytta milliardar av kroner til planlegging og tilrettelegging.

Me har framleis så stor tillit til vårt politiske styresett at ein augneblikkssituasjon (sett opp mot eit tretti års perspektiv) ikkje skrinlegg eit av dei viktigaste, mest utgreidde og samstemte samferdselsprosjekta i nyare tid. Jernbane blir bygd i perspektiv på eit hundreår – ikkje fattige NTP-periodar.

Det ville vera uforståeleg for dei aller fleste at eit prosjekt som er lova og konsekvensutgreidd etter alle kunstens reglar berre blir fjerna med eit pennestrøk. Det er slikt som er med på å skapa politikarforakt, setja politikken i vanry, eit politisk maktovergrep.

Me forventar at regjeringa følgjer Jernbanedirektoratet og Bane NOR si tilråding om å prioritere fellesprosjektet Bergensbanen si innkorting og E16, og oppstart tidleg i fyrste nye NTP-periode.

Mobilisering

Dersom regjeringa vel å gå for kortsiktige løysingar, spara pengar og ikkje vera framtidsretta, må det til ei massiv mobilisering. Men enn så lenge trur me på at politikken er konsekvent og etterretteleg i forhold til denne type samfunnsplanlegging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innkorting av Bergensbanen er framtidsretta samfunnsbygging, og må ikkje ende som eit magaplask.