Jurist og mange års medlem av menneskerettskommisjonen i Strasbourg, Gro Hillestad Thune, er svært kritisk til måten norsk barnevern fungerer på.

Tek oppgjer med barnevernet: – Driv ikkje i samsvar med menneskerettane

Ho har varsla mange gonger før, og gjer det igjen: – Barnevernet sin praksis bryt med menneskerettane, ikkje minst barns rettar, seier Gro Hillestad Thune.

Ho er ingen kven som helst. Som jurist har ho erfaring frå enkeltsaker, men mest tyngde har ho etter 16 år som medlem av den europeiske menneskerettskommisjonen i Strasbourg. I dag er ho pensjonist, men har ikkje parkert sine synspunkt på menneskerettar generelt, og norsk barnevern spesielt.

Denne gongen er det ein artikkel i Hallingdølen som triggar engasjementet. Barnevernet i Hallingdal melder ein person til politiet etter å ha distribuert eit flygeblad om ei barnevernssak rundt i dalen, med sterke skuldingar mot det lokale barnevernet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I staden for å gå til politiet burde barnevernsleiaren i Hallingdal melde seg på eit kurs i menneskerettar. Så kunne ho hjelpe medarbeidarane sine i å balansere og gjera vurderingar som menneskerettane krev at ein skal ta når dei sit i ein maktposisjon som dei gjer, seier ho.

Les også
Flygeblad om barnevernssak blir politisak: – Det er ikkje greitt

Todelt barnevern

Me møter Gro Hillestad Thune på hytta hennar i Vats. Ikkje for å diskutere den konkrete barnevernssaka; den kjenner ikkje Thune. Men systemet kjenner den tidlegare juristen og dommaren godt. Eit system ho meiner det på høg tid burde røskast tak i.

Gro Hillestad Thune

* Født 19. januar 1943.

* Jurist og politikar. Vararepresentant for Arbeiderpartiet i Akershus til Stortinget frå 1977 til 1981.

* Frå 1982 til 1998 var ho medlem av Den europeiske menneskerettskommisjon.

* Ho leia Forbrukarrådet frå 1977 til 1984, var styremedlem i Norges allmennvitskaplege forskingsråd frå 1980 til 1982, Forbruksforskningsinstituttet SIFO frå 1980 til 1984 og leia styret for Radiumhospitalet frå 1980 til 1985.

Kjelde: Wikipedia

Thune har lenge foreslått eit todelt barnevern, der kommunane blir fråtekne retten til makt. Den vil ho flytte til over til ein eigen instans. Dagens praksis bryt på fleire punkt med menneskerettane, meiner Thune. Folk blir rettslause. Frustrerte. I desperasjon tyr dei til uortodokse metodar. Thune vil ha eit barnevern med meir hjelp og mindre tvang.

– Var ikkje påskrudd

Ho konkretiserer gjerne kritikken, men fyrst litt om utgangspunktet hennar. Thune har jobba med menneskerettar. Me høyrer ofte Norge snakkar om desse rettane, helst i møte med Kina og andre hardtslåande nasjonar, men ikkje så mykje elles. Det var då ho vart medlem av den europeiske menneskerettskommisjonen i 1982, ho innsåg breidda i begrepet.

– Eg oppdaga etter kvart at det er mykje som foregår i Norge som ikkje blir relatert til menneskerettar. Me var rett og slett ikkje påskrudd. Som samfunn har me hatt lite fokus på at menneskerettar har nokon praktisk betydning i eige land. Det har blitt sett på som ei utanrikspolitisk sak.

Menneskerettskonvensjonen vart til etter andre verdskrig. Målet var å unngå ein ny krig. Konvensjonen regulerer forholdet mellom stat og borgar. I praksis gir den borgaren rettar og staten plikter. Borgaren skal behandlast ordentleg og med respekt, og staten skal opptre innanfor gitte grenser.

– Rettslause

I Strasbourg var Thune med og behandla fleire barnevernssaker. Mange frå Sverige. Nokre frå England. Og ei sak frå Norge. Etter kvart oppdaga ho at alt likevel ikkje var så såre vel her til lands. Ho har prøvd å varsle om at norsk barnevernspraksis på fleire punkt ikkje er i samsvar med menneskerettane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Barneavhøyr i Hallingdal - slepp den lange reisa til Sandefjord

– Dette har ført til at folk har kontakta meg og fortalt kva dei har opplevd. «Går det an å behandle folk på denne måten?» «Kan det vera brot på menneskerettane?» Eg har blitt sitjande med ein portefølje av dårlege erfaringar med barnevernet. Ikkje dei gode erfaringane, men dei dårlege. Gjennom dette har eg opplevd at folk ikkje får hjelp. Det er i realiteten ingen hjelp å få som står i forhold til det dei klagar på.

Den europeiske menneskerettsdomstol (EMD)

* Ein internasjonal domstol etablert i medhald av Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK).

* Domstolen behandlar klager frå enkeltmenneske, grupper eller statar om brot på EMK utført av medlemsland i Europarådet.

* I tillegg til å dømme i enkeltsaker kan domstolen gi uttaler om korleis konvensjonen skal forståast i eit konkret tilfelle.

* Domstolen vart oppretta i 1959 og ligg i Strasbourg i Frankrike.

* Den europeiske menneskerettsdomstol er høgste instans for innbyggarane i dei land domstolen dekker, og i ei rekke tilfelle har han dømt i strid med de resultat nasjonale domstolar har kome til, som Norges høgsterett.

Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK)

Vart vedteken av Europarådet i Roma 4. november 1950 for å verne menneskerettane og dei grunnleggande friheiter.

Tok til å gjelde 3. september 1953 då den vart ratifisert av tilstrekkeleg mange medlemsstatar i Europarådet. Ratifikasjon av konvensjonen er eitt av kriteria for å bli medlem av Europarådet.

Konvensjonen har to autentiske språkversjonar: fransk og engelsk.

Thune har prøvd å rettleie folk. Be dei klage til kontrollutvalet i kommunen. Men der får dei til svar at dei ikkje behandlar enkeltsaker. Same svaret får dei hjå barneombodet. Fylkesmannen overprøver ikkje barnevernsfaglege vurderingar.

– Eg sit med ein haug med erfaring av dårleg praksis, seier ho.

– Meiner du folk er rettslause?

– Ja. Du er det viss du blir utsett for dårleg behandling, overgrep, krenkande praksis, og dei ikkje vel å høyre på deg eller nokon andre. Det er derfor folk blir sinte. Det oppstår ei kjempekløft mellom dei som jobbar i dette systemet, og brukarane.

Gro Hillestad Thune vil ta frå kommunane heimelen til makt i barnevernet.

Kan ikkje klage

Thune meiner klageinstansane fungerer altfor dårleg, noko som er eit alvorleg problem for rettssikkerheita. På enkelte område finst det heller ingen klagerett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss barnevernet får ei bekymringsmelding, blir det i neste omgang gjerne oppretta ei undersøkingssak, kanskje over to-tre månader. Familien får eit brev om dette, der det står at dette ikkje er eit vedtak; og at ein derfor ikkje har nokon klagerett. I praksis har me eit system som gjer at barnevernstilsette har fri tilgang til folks privatliv og heim. Dei kan kome heim til deg, eller forlange at du skal kome, og undersøke. Uansett korleis dei oppfører seg, har det offentlege bestemt at du ikkje har nokon å klage til. Det betyr ikkje at alt som skjer er gale, men det er farleg å ha eit slikt system, meiner Thune.

Ho trekkjer ein parallell til politiet.

– Viss politiet vil heim til deg og sjå om du har gøymd narkotika i skuffen, må politiet gå til ein dommar med sitt faktagrunnlag for å få løyve. Viss barnevernet skal heim til deg for å sjå om du er slem mot barna dine, kan dei gå rett inn og du kan ikkje klage.

Følgjene er ikkje gode, meiner Thune.

– Dette får tre konsekvensar: 1. Den som ønsker å klage og ikkje får det, blir fortvilt. 2. Den som du ønsker å klage på, får ingen korrektiv og lærer ikkje av sine feil. 3. Det blir skapt generell mistillit til systemet.

Berre ein signatur

Når barnevernet får fri tilgang med lova i hand, kjem dei der med ei dobbeltrolle. Dei skal hjelpe, men barnevernsleiaren har også ei fullmakt frå Stortinget til å ringe til politiet og hente barna akutt viss dei meiner behovet er der.

– Viss du som forelder blir for kranglete eller ikkje samarbeider, så veit du kva maktmiddel barnevernet har. Derfor fortel eg folk; du må ikkje gå i konflikt, du må jatte med. Gjera det dei seier. Elles blir det farleg.

Les også
Ho skal leie Familiens hus

Ho meiner dette også må vera krevjande for tilsette i barnevernet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For unge saksbehandlarar må dobbelrolla som både hjelpar og tvangsutøvar vera ei stor belastning, meiner ho.

Når det kjem til akuttplassering av barn, ser Thune eit nytt alvorleg problem med tanke på rettssikkerheit.

– Det er at ein barnevernsleiar har fullmakt til å akuttplassere eit barn viss han eller ho meiner situasjonen krev det. Det trengst berre eit vedtak frå barnevernsleiaren, ei underskrift på eit papir. Då kan dei ringe politiet for å hente ungen, og politiet gjer ingen sjølvstendig vurdering om barnet er i fare eller ikkje.

– Systemet er slik at ein må stole heilt og fullt på at barnevernsleiaren gjer det rette?

– Ja, og så veit me at me er menneske alle saman, også barnevernsleiarar. Og dette er jo svært vanskelege saker. Då er det skummelt å ha eit system der du baserer deg på at alt barnevernet gjer er riktig og bra.

Meir hjelp, mindre tvang, er Gro Hillestad Thune sitt råd til norsk barnevern.

Flytt vekk tvangen

– Korleis ville du hatt det?

– Eg ville flytta tvangsheimelen ut av dei kommunale kontora. Det kommunale barnevernet skal hjelpe og samarbeide, med helsesøster og sosialarbeidarar. Det var slik barnevernet var meint; hjelpe folk til å ta seg av ungane sine. Meir hjelp, meir samarbeid og mindre kontroll og overvaking. Dei sakene som er så alvorlege at tvang er nødvendig må handterast av eit profesjonelt og effektivt organ med kompetanse og erfaring.

– Kven skulle ha denne funksjonen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er det ikkje mi oppgåve å finne ut av det. Men det kan for eksempel vera knytt til politiet eller kanskje Bufetat? Ein profesjonell instans med sterke musklar. Det må vera vanskeleg å vera ein ung saksbehandlar på eit barnevernskontor stilt over for brutale folk i nabolaget.

– Men er ikkje fylkesnemndene ein kontrollinstans?

– Advokatar klagar og meiner fylkesnemnda ikkje står for ein balansert rettsprosess. Nemnda er ikkje eit reelt korrektiv til barnevernet, men barnevernets forlenga arm.

Thune meiner systemet ikkje er barnevenleg.

– Det absurde er når barnevernet meiner det er nødvendig å hente akutt, der eit barn har det vanskeleg, så flyttar dei barnet til framande. Ikkje til bestemor eller andre ein kjenner. Kva er det som gjer at barnevernet trur dette er bra for barnet, hente brått og brutalt, og plassert hjå framande?

Les også
Barnevernet blir grovt uthengd på nett

– Men i blant er situasjonen farleg for barnet. Korleis ville du løyst det?

– Det snille barnevernet eg ønsker meg ville hatt ei ordning der ein kan hente akutt i svært alvorlege situasjonar, men plassere barnet hjå kjende. Det som skjer i dag er at dei overtek omsorga. Gjer eit tvangsvedtak og plasserer ansvaret i barnevernet før dei har undersøkt ordentleg. Det blir til og med henta akutt på fødestover og i mødreheimar, berre basert på barnevernet sine vurderingar.

Møtt med forsvarsverk

Gro Hillestad Thune er også opprørt over måten barnevernet og systemet handterer kritikk når det oppstår.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heile tragedien i dette systemet er at me i Norge har bestemt at me har så godt barnevern. Desse tinga som er vanskelege blir ikkje diskutert, og all kritikk - liten og stor - blir møtt med eit forsvarsverk. Folk blir avvist og bedømt som motstandarar av barnevern. Systemet har avskore høvet til heile tida å forbetre praksisen ved å lytte til brukarar med dårleg erfaring. Rett og slett kvalitetssikre gjennom erfaringar.

Thune har forfekta synet sitt lenge. Ho har vore hjå fire statsrådar, ein statsminister, to statssekretærar og eit utal stortingsrepresentantar.

– Eg meiner eg har varsla om menneskerettsbrot. For det eg har sett er at norsk praksis, gjennom alle desse henvendelsane, ikkje er i samsvar med menneskerettane, slår ho fast.

– Kva har responsen vore når du har sagt frå?

– Som regel fortel dei om alle dei fine tinga dei har på programmet og som departementet har på gang. Dei nikkar og smiler. Det er ein utruleg motstand i dette systemet. For fem-seks år sidan sende 150 fagfolk ei uromelding om barnevernet, og statsråden lovde dialog. Dialogen vart ein konferanse der tilsette i barnevernet frå heile landet fortalde kor mykje bra dei heldt på med. Null dialog. Eg gjekk heim og grein!

Ei tapt sak? Nei, slår Gro Hillestad Thune fast.

Lært av koronatida

Ho presiserer at inngrep i folks privat- og familieliv skal vera forholdsmessig. Det er begrep me har blitt vane med i koronatida. Kravet følger av artikkel åtte i den europeiske menneskerettskonvensjonen.

– Det er dette som er utfordringa i alle barnevernssaker. Minste inngreps prinsipp betyr at du kan ikkje ta eit barn ut av ein familie viss du på rimeleg måte kan hjelpe familien til å ta seg av ungen heime. Og du kan ikkje flytte ungen til framande viss du kan flytte det til nokon barnet kjenner. Inngrepet skal vera forholdsmessig.

Dei siste åra er Norge dømt i ca. 15 barnevernssaker i Strasbourg. Gro Hillestad Thune meiner det viser at ho har fått rett. Rett nok er domstolen tilbakehalden med å overprøve om det var grunnlag for nokon sak. Dette er ingen ankeinstans. Men Norge har blitt dømt på fleire punkt: Blant anna for bruken av tvangsadopsjon, for lite samvær etter omsorgsoverdraging og at ungar blir tvangsflytta for alltid.

Les også
Vil flytte barnevernsvakta til Gol
Les også
Sagabråten om eit todelt barnevern: – Ein spennande tanke

– Det tragiske er at sjølv ein katastrofe i Strasbourg ikkje er nok til å vekke Norge. Då tenker me at dei gamle dommarane og austeuropearane der nede ikkje skjønar korleis barn skal behandlast. Det skjønar me i Norge. Det interessante er at viss Norge får ein dom mot seg på andre område, i skattespørsmål for eksempel, så blir det teke alvorleg. Ein går inn og ser om noko må endrast i praksis eller reglar. Men på barnevernsområdet er det ingen som har teke den analysen. Kva er det som gjer at alle desse menneska går til Strasbourg? Kvar er det det går gale? Kvifor får ein ikkje hjelp i det norske rettsapparatet? Kvifor må ein gå heilt til Strasbourg? Det er mangel på ærleg og oppriktig analyse av ting som går feil, meiner Thune som trur det handlar om makt. Har du makt, og makta ikkje blir ettergått, treng du ikkje høyre på andre.

Ho vil minne folk på at menneskerettsdomstolen i Strasbourg hjelper statar å korrigere sine system når det kjem til maktbruk mot borgarar. Men då må statane ta tak i den kritikken som blir framført.

– Nav-skandalen blir blåbær

– Viss du var statsråd for barnevernet, kva ville du gjort?

– Då hadde eg teke fram ein høyringsuttale frå barneombodet frå 2000. Dei foreslo deling av barnevernet; det hadde eg sett opp til debatt. Så hadde eg laga eit kontor for erfaringskompetanse som kunne ta imot gode og dårlege erfaringar og lagt desse fram for myndigheitene på ein konstruktiv måte. I dag er det vanskeleg for politikarar og ansvarlege å skaffe seg innsikt om barnevernet. Så ville eg gjort noko med meldingssystemet. No fungerer det slik at kvar gong nokon eg bekymra, så skal alt kanaliserast til barnevernet nærmast som eit angivarsystem.

Gro Hillestad Thune lyftar fram den gamle sosialhjelpstenkinga bygd på samarbeid. Ho vil få has på tvangen. Eit hjelpeapparat som brukar makt og tvang eignar seg berre til å skremme og skade ungar, meiner ho. Systemet produserer utanforskap.

– Du har forfekta dette lenge. Er det ei tapt sak?

– Nei, det skjer ting, og det kjem til å sprekke. Nav-skandalen kjem til å vera blåbær når det går opp for folk kva system me har etablert. Men det vil koste dyrt; det vil bli mange erstatningssaker. Nei, dette er ikkje ei tapt sak!

Les også
Kven er den døde personen på Vidda? Fann beinrestar og ein teddybjørn. Etterlyst i 162 land
Les også
Hellbillies, Samantha Fox og østfoldkæll: Slik har du aldri høyrd «Den finast eg veit» før
Les også
Tre bilar i trafikkulykke på Rv7 - to personar sendt til sjukehus