Barnevernsleiar i Hallingdal Helene Sagabråten synest Gro Hillestad Thune uttaler seg nokså einsidig og bastant når ho kritiserer barnevernet.

Sagabråten om eit todelt barnevern: – Ein spennande tanke

Barnevernsleiar Helene Sagabråten har sans for tanken om eit todelt system, der retten til tvang blir teken frå kommunen og flytta til ein annan instans.

– Eg er tilsett for å jobbe i det systemet me har. Men eg synest det er ein spennande tanke, og noko styresmaktene kan sjå nærare på. Alt som kan gjera at tenesta blir endå betre er bra, seier barnevernsleiar i Hallingdal, Helene Sagabråten.

Det er Gro Hillestad Thune som foreslår ei slik todeling, for å sikre rettssikkerheita for barn og familiar (sjå eigen sak). I dag kan det kommunale barnevernet setje i verk akutthenting av barn ut frå eigne vurderingar, som to dagar seinare blir lagt fram for godkjenning i rettsinstansen for barnevernssaker. Det er eit farleg system, meiner Thune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Einsidig og bastant

Helene Sagabråten har lese intervjuet med Gro Hillestad Thune som meiner norsk barnevern bryt med menneskerettane på fleire punkt. Sagabråten meiner den tidlegare juristen og medlemen av den europeiske menneskerettskommisjonen set fokus på viktige spørsmål, men ho kjenner seg ikkje heilt igjen i alt ho seier.

Les også
Tek oppgjer med barnevernet: – Driv ikkje i samsvar med menneskerettane

– Eg synest ho uttaler seg nokså einsidig og bastant. Det kan virke som ho ikkje har jobba i fagfeltet dei siste åra, og i så fall vert kritikken meir forståeleg. For det har skjedd utruleg mykje på barnevernsfeltet dei siste åra, seier ho.

Hallingdal barneverntenest

* Barnevernstenesta jobbar for alle seks kommunane i Hallingdal

* Det er 31 tilsette

* Helene Sagabråten er barnevernsleiar

* Hallingdal barnevernstenest har kontor i Ål

– Har endra praksis

Norge er dei siste åra dømt i ca. 15 barnevernssaker i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Thune er opprørt over at Norge ikkje tek dette meir alvorleg. Sagabråten er av ei annan oppfatning.

– Dommane i EMD har påverka norsk rettspraksis i stor grad, seier ho. Sagabråten seier barnevernet har brukt mykje tid på å vera oppdatert på korleis dommane skal endre norsk praksis.

– Det har vore mykje kursing og opplæring. Eg har sjølv vore i Strasbourg der me hadde samtalar med den norske dommaren og fekk innblikk i domstolen, seier ho.

Barnevernet har drive kompetanseheving på korleis ein kan følgje opp foreldre betre etter plassering, med tanke på å sikre tilbakeføring av barnet. Sagabråten minner og om at det er rettsinstansen for barnevernssaker (fylkesnemnda) som avgjer om eit barn skal flytte frå foreldra og som fastset kor mykje samvær det skal vera mellom foreldre og barn.

– Me ser ei endring i rettspraksis som gjer at EMKs artikkel 8 «retten til familieliv» er styrkt, og at det er meir samvær etter flytting enn det som kanskje var praksis før, seier Helene Sagabråten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gro Hillestad Thune meiner fylkesnemnda er barnevernets forlenga arm. – Det er eg veldig ueinig i, seier barnevernsleiar Helene Sagabråten.

Jobbar breiare

Ho er også oppteken av barnevernsreforma som vart sett i verk frå 2022. Det er ei omfattande reform som inneber endringar for barnevernet og andre instansar som arbeider med barn, unge og familiar.

– Kommunane har fått større ansvar for å ruste heile tenesteapparatet sitt, alle som yter tenester til barn, unge og familiar, slik at ein blir betre på førebygging og samhandling. Då kan ein fange opp dei utsette barna og familiane tidlegare og kan sette inn rett hjelp på eit tidlegast mogeleg tidspunkt. Slik kan ein førebyggje alvorlege barnevernssaker seinare, seier Sagabråten.

Viktigast å førebygge

Veteranen har jobba 30 år innan barnevernet og er no barnevernsleiar. Ho seier ho har verdas viktigaste, vanskelegaste og beste jobb, sjølv om jobben dessverre også inneber hets og trugsmål frå folk. Det beste ved jobben er likevel å sjå at ein kan gjera ein forskjell for at barn og familiar kan få det betre. Ho registrerer også store endringar; då ho starta var det ingen eigen rettsinstans for barnevernssaker, som i dag. Ho er klar på at det har skjedd mykje positivt innanfor området dei siste åra. Samtidig ser ho mykje trist. Det er ein realitet at altfor mange barn blir ute for vald, overgrep og omsorgssvikt.

– Barnevernet sin viktigaste jobb er å få sett inn gode tiltak slik at ein skal kunne førebygge at barn må flytte frå foreldra sine, seier ho.

Les også
Barneavhøyr i Hallingdal - slepp den lange reisa til Sandefjord

– Gro Hillestad Thune meiner rettsinstans for barnevernssaker (fylkesnemnda) er barnevernets forlenga arm?

– Det er eg veldig ueinig i. Retten stiller stor krav til at me har gjort det me kan av andre tiltak før det blir snakk om omsorgsovertaking. Det er eit argument motstandarane av systemet brukar, men som eg ikkje kjenner meg att i, seier Sagabråten.

– Det tyngste

Akuttplassering er eit omstridt tiltak. Sagabråten seier dette er ein svært liten del av det barnevernet driv med. I 2021 og fram til i dag har barnevernet i Hallingdal hatt eitt akuttvedtak i ein familie, og barna vart då flytta til næraste familie.

– Dei gongene det skjer, er ikkje det ei avgjerd eg tek aleine. Det blir jobba lenge og grundig for å kartlegge situasjonen saman med barnet, foreldre og andre involverte. Dei gongene barnevernet blir kontakta om ei akutthending, er det ofte på bakgrunn av at politi, legevakt, skule eller andre har meldt inn ei bekymring der det hastar.

Artikkelen held fram under annonsen.

17 saker for fylkesnemna i 2021

* Hallingdal barnevernstenest la fram 17 saker for fylkesnemnda i 2021

* Fem av sakene handla om omsorgsovertaking

* Tre saker handla om tilbakeføring til foreldre

* Dei andre sakene handla om anke av tidlegare saker og meklingsmøte/ samtaleprosess

– Det å ha denne fullmakta er kanskje noko av det tyngste ved å vera barnevernsleiar. Det er alvorlege hendingar med store konsekvensar for dei det gjeld, og ein er redd for å gjera feil. Men det som er viktig er å finne ei god løysing for barnet mellombels, inntil den akutte situasjonen er løyst. Ein søker alltid å finne ei løysing i familie og nettverk, seier Sagabråten.

– Hadde du ønskt at ein annan instans tok ei eiga vurdering av dette før ein sette i verk ei akuttplassering?

– Det hadde gjort min jobb mykje enklare, men eg veit ikkje heilt kven denne instansen skulle vera, seier ho.

– Du seier at lovverket og systemet har endra seg. Betyr det at du tek kritikk for korleis barnevernet handterte desse sakene før?

– Det oppstår framleis akuttsaker, men måten me løyser dei på har endra seg. Sett i ettertid er det saker me ville valt å handtere på ein annan måte i dag, seier Sagabråten.

Ho legg til at talet på barn i fosterheim også går ned, blant anna fordi det blir lagt større vekt på å førebygge saker og at ein no er pålagt av lov å bruke familienettverket når ungar må plasserast andre stader.

Barnevernsleiar Helene Sagabråten seier ein behandlar akuttsaker på ein annan måte i dag enn for nokre år sidan.

– Kva med barnets rettssikkerheit?

Gro Hillestad Thune ønsker meir hjelp, mindre tvang. Ho er også oppteken av at klageinstansane ikkje er gode nok. For eksempel i undersøkingssaker, der barnevernet har fri tilgang til familien utan at familien kan klage, uansett korleis barnevernet oppfører seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Filmen om Berat frå Gol gjorde inntrykk på elevane: – Det er så mykje nærare enn ein trur

Helene Sagabråten meiner rettstryggleiken er styrkt dei siste åra ut frå dommar i EMK og presisering av lovverket. Men ho har forståing for at enkelte foreldre kan føle seg makteslause overfor systemet. Det er barnets beste som er overordna, og nokre gonger kjem det i konflikt med det foreldra meiner.

Ho ser ikkje same problemet rundt manglande klagerett ved undersøkingssaker som Thune gjer.

– Dersom foreldra skulle fått lov til å takke nei til at nokon fekk undersøke korleis barnet har det, korleis ville då barnet sin rettssikkerheit bli ivaretatt? spør ho.

– Det er vel ikkje snakk om å takke nei, men rett til å klage over måten det skjer?

– Viss ein føler seg dårleg behandla, kan ein klage til statsforvaltaren som har tilsyn med barnevernet, seier Helene Sagabråten.

Les også
Kven er den døde personen på Vidda? Fann beinrestar og ein teddybjørn. Etterlyst i 162 land
Les også
Hellbillies, Samantha Fox og østfoldkæll: Slik har du aldri høyrd «Den finast eg veit» før
Les også
Då Nato-medlemskap kom på bordet, heva den russiske admiralen stemma: - Njet!