Mona Fagerås (SV) seier partiet kjempar for å behalde Ringeriksbanen som eit fellesprosjekt. Viss ikkje, trur ho det aldri blir nokon bane.

SV reagerer sterkt på Nygårds vegplanar: – Avtalebrot og eit sabla rot

Grepet med å bygge ny E16 til Hønefoss, men ikkje jernbane vekkjer sterke reaksjonar i SV.

Partiets samferdselspolitiske talsperson, Mona Fagerås legg ingenting i mellom i sine kommentarar.

– Dette er avtalebrot, seier ho til NTB og Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verst tenkeleg

Det var i morgontimane tysdag samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) presenterte det regjeringa kjem med når Nasjonal transport blir lagt fram fredag. Regjeringa vil gjennom Nye Veier kome i gang med bygging av firefelts motorveg mellom Skaret og Hønefoss, men har skuva Ringeriksbanen ut av heile transportplanen fram til 2036.

Les også
Ringeriksbanen ute av Nasjonal transportplan - Nygård vil starte bygging av veg

Dette er det verst tenkeleg scenarioet for SV som har støtta fellesprosjektet veg/bane av ein grunn: Det er den einaste måten å sikre jernbanedelen av Ringeriksporteføljen.

– Eit sabla rot

Samferdselsministeren vil ha i gang vegbygginga, men har ingen planar for Ringeriksbanen dei neste 12 åra.

Det kan ikkje regjeringa gjera utan vidare, ifølgje SVs Mona Fagerås.

– Regjeringa har tydelegvis gløymt at me har ein avtale, og vil splitte opp prosjektet. Det er eit sabla rot, seier Fagerås.

Hindra oppsplitting

Avtalen ho viser til er frå hausten 2022 då Nygård prøvde å splitte prosjektet ved å føre jernbanedelen frå Nye Veier og over til Bane Nor. Konsekvensen av eit slikt grep ville bli at Ringeriksbanen vart skuva ut i det ukjente.

Les også
Vil behalde fellesprosjektet: – Å splitte opp veg og bane, betyr at jernbanen ikkje blir bygd

Nygårds grep skapte den gongen kraftige reaksjonar og eit stort engasjement langs heile Bergensbanen. I budsjettforhandlingane med regjeringa hindra SV oppsplitting av prosjektet. Det er denne avtalen Fagerås viser til når ho i dag snakkar om avtalebrot.

– Rydd opp

At Nygård, Vedum og Støre gjer det dei i dag presenterte på gamle Rørvik camping i Hole, svekker SVs tillit til regjeringa, meiner Mona Fagerås.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slik kan me ikkje ha det. Regjeringa må ta ansvar og rydde opp, seier Fagerås.

SV-politikaren i samferdselskomiteen ville i utgangspunktet vente med å kommentere lekkasjane til Nasjonal transportplan i påvente av å få heilskapen når regjeringa legg fram planen fredag.

Utspelet til Nygård med å seie ja til ny veg, men skyve banen ut den neste 12 års perioden provoserte likevel Fagerås så sterkt at ho tysdag valde å synge ut om kva ho synest om «parkeringa» av Ringeriksbanen.