Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård vil bygge veg, men skyv Ringeriksbanen ut av Nasjonal transportplan.

Ringeriksbanen ute av Nasjonal transportplan - Nygård vil starte bygging av veg

Alle som har drøymt om rask oppstart av Ringeriksbanen, får draumen knust. Banen er ute av Nasjonal transportplan (2025-2036).

Det var den harde realiteten då samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) presenterte si Buskerud-satsing i Nasjonal transportplan på gamle, nedlagde Rørvik camping i Hole tysdag morgon.

Bodskapen var den stikk motsette av det Ap garanterte for i valkampen for nokre få år sidan. Då skulle bygginga av Ringeriksbanen starte i 2022. No er prosjektet ikkje ein gong med i transportplanen for dei neste 12 åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

I staden blir det gryteklare prosjektet sendt ut på ein fjerntogstudie saman med andre framtidige jernbaneprosjekt, blant dei ytre Inter City til Lillehammer, Skien og Halden.

Pressa og partivener av regjeringa venta på Jon-Ivar Nygårds melding om å starte vegbygging på E16, men skyve Ringeriksbanen heilt ut av Nasjonal transportplan.

– Ikkje skrinlagt

– Ringeriksbanen er på ingen måte skrinlagt. Det er eit prosjekt me tek med oss vidare. Det blir ført tilbake frå Nye Veier til Bane Nor, og me skal gjennomføre ein fjerntogstudie for å vurdere kva prosjekt som kan vera aktuelt for oppstart i seinare rulleringar av Nasjonal transportplan, sa Jon-Ivar Nygård.

Derimot vil regjeringa starte bygging av ny E16 mellom Skaret og Hønefoss, til ein kostnad på rundt 13 milliardar kroner. Saman med vegsatsing i Hallingdal og elles i fylket vart nyheita presentert som ein god og historisk dag for Buskerud.

– I sum legg me fram ei kraftfull vegpakke for denne regionen som vil vere med å løyse mange samfunnsutfordringar, bidra til trafikksikkerheit og framkommelegheit, Nygård.

«Dødsvegen»

Det vart sagt lite om Ringeriksbanen i seansen på Rørvik. Lokalpolitikarar frå Ap og SV gav i stor grad uttrykk for å vera fornøgd med bodskapen frå samferdselsministeren.

Ringeriksbanen var slik sett elefanten i rommet, det nesten ingen snakka om.

Regionrådsordførar i Hallingdal Solveig Vestenfor (Ap) helsar på samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) under seansen i Hole tysdag morgon.
Hjarteleg møte også mellom Hol-ordførar Sigrid Simensen Ilsøy (Sp) og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Jon-Ivar Nygård var fornøgd med å presentere vegsatsinga på E16.

– Me vil gå i gang med «dødsvegen» mellom Skaret og Hønefoss, ein veg med alvorlege ulykker. Det er ein veg me meiner ikkje kan vente, seier ministeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen ligg i Nye Veiers portefølje, og Nygård meiner den kan få oppstart alt i fyrste seksårsperioden.

– Stor samfunnsnytte

Nygård slår fast at vegen skal byggast etter vedteken reguleringsplan, det vil seie reguleringsplanen for fellesprosjektet Ringeriksbane/ny E16. På strekninga Skaret-Sundvollen går veg- og jernbane i ulike trasear, mens det er planlagt fellestrase frå Sundvollen til Hønefoss.

– Dette er eit vegprosjekt med stor samfunnsnytte, så det er grunn til å tenke at det blir prioritert i porteføljen til Nye Veier, seier Nygård.

– Meiner du at de har lagt til rette for Nye Veier kan prioritere det i 2025?

– Det tør eg ikkje seie. Det er fyrste seksårsperioden me seier.

Jon-Ivar Nygård saman med sin stab i Hole tysdag morgon. Vegbygging, men ingen Ringeriksbane, var bodskapen hans.

Følgjer fellestrase

– De skal følgje vedteken reguleringsplan. Betyr det vegbygging i den traseen heilt til Hønefoss?

– Ja, det betyr at me må følge traseen som ligg i reguleringsplanen. Så kan eg ikkje utelukke at det blir gjort enkelte justeringar.

– Betyr det at de bygger veg i fellestraseen frå Sundvollen til Hønefoss?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når me seier vedteken reguleringsplan, så er det den traseen som er streka opp i den.

– Kan du sjå for deg at de startar bygging av veg mellom Sundvollen og Hønefoss før de har fått ei avklaring på Ringeriksbanen?

– Ja, det kan ein i teorien sjå for seg, ja,

– Viss de gjer det på den måten vel de den dyraste løysinga, som tek lengst tid og som påfører miljøet størst belastning. Er det ei god løysing synest du?

– Det som er saka er at FRE16 i sum er så stort at det er vanskeleg å finne handlingsrom for å starte det opp som fellesprosjekt. Då tør ikkje me å sitje roleg når me ser kva utfordringar me har knytt til vegprosjektet. Då vel me å gjera dette grepet.

Leiar i transportkomiteen på Stortinget, Sigbjørn Gjelsvik (Sp) t.v. saman med stortingspresident Masud Gharankhani (Ap og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

– Større synergiar

– De har gjort eit anna stort grep, å gå inn for K5 Arna-Stanghelle. Fagetatane prioriterte Ringeriksbanen før det prosjektet. Kva gjer at de overprøver fagetatane?

– Eg oppfattar ikkje at fagetatane har prioritert det før K5. Me har sett på begge prosjekta og finn at fellesprosjektet på vestsida har større felles nytte på massehandtering. Då går me i gang med prosjektet fyrst. Så kan Ringeriksbanen vera eit neste prosjekt.

– Så det er masseutnytting som er avgjerande for dykk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det er eit viktig poeng. Det er større synergiar av fellesprosjektet i K5 enn Ringeriksbanen.

– Ringeriksbanen er klart for utbygging. Ville det ikkje vere naturleg å starte med det som er klart?

– Vår vurdering er at me startar på vestsida fyrst. Så deler me prosjektet her og får gjort vegprosjektet som er viktigast. Så må Ringeriksbanen kome seinare.