Det har vore intensiv testing i Gol dei siste vekene. Her eit bilete frå prøvetaking sist veke.

Smittetalet stig i Gol: No er 37 personar koronasjuke

Det er no 37 registrerte smittetilfelle i Gol. Men trass i eit nytt byks på statistikken har kommunen god kontroll.

– Me er ikkje så veldig nervøse, seier ordførar Herbrand Jegleim til Hallingdølen onsdag kveld.

God kontroll

Bakgrunnen for det er at alle dei fire tilfella som vart kjent onsdag er personar kommunen har god kontroll på.

Artikkelen held fram under annonsen.

To av smittetilfella dreier seg om innreisesmitte. Dei to hadde vore i Polen, men testa seg alt då dei landa på Gardermoen. Deretter reiste dei til Gol, men gjekk rett i isolasjon.

Les også
Ny person koronasjuk i Nesbyen

Dei har dermed ikkje vore i kontakt med nokon etter at dei kom heim.

Dei to andre tilfella var ifølgje ordførar Jegleim venta.

– Det er personar som alt sat i karantene. Dei er altså alt i systemet, seier han.

Dei fire nye smittetilfella er såpass under kontroll at det ikkje utløyser særleg meir jobb for smittesporarane.

Lest denne? Tidlegare onsdag kveld vart ein person bekrefta koronasmitta i Nesbyen. Les saka her

Ein liten vekkar

Tysdag hadde Gol den første dagen på nesten to veker utan eit einaste nytt smittetilfelle. Det var ein opptur, men ordførar Jegleim var nøye med å minne innbyggarane om å ikkje sleppe ned att skuldrene.

Dagens fire nye tilfelle er ei god påminning om det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må berre halde trykket oppe, seier han.

Les også
Har bestilt inn 2000 munnbind

Situasjonen er alvorleg i området rundt Oslo og Drammen, og ordføraren minnar om oppmodinga kommunen har gitt innbyggarane om å ikkje reise meir enn strengt nødvendig.

– Det må ein vere forsiktig med. Generelt er det svært viktig å tenkje smittevern. Når ein er ute, og treffer folk: Ver bevisst.

– Kan de alt no seie noko om tiltaka i Gol vil bli vidareført neste veke?

– Kommuneoverlegane i Hallingdal skal ha eit møte fredag. Nokre timar seinare skal me ha eit møte i kriseleiinga i Gol. Eg tør ikkje spå noko rundt dette enno, seier han.

Fleire nyheiter om koronaviruset? Sjekk vår samleside

Innan den tid kan det kome nye nasjonale føringer også: Regjeringa har kalla inn til pressekonferanse torsdag. Der er det varsla å kome nye innstrammingar.

Slik var smittesituasjonen i Hallingdal klokka 21 onsdag kveld:

Artikkelen held fram under annonsen.

Flå: 3

Nesbyen: 8

Gol: 37

Ål: 12

Hemsedal: 6

Hol: 2

I alt er 68 personar i Hallingdal no smitta. I Nore og Uvdal er det meldt om eitt smittetilfelle.

Les også
Smitteverntiltaka får konsekvensar
Les også
Ny person smitta i Hemsedal - oppe i seks koronasjuke
Les også
– Me er «generation woke», dei som har fått klimakrisa, Trump som president og no ein pandemi