Illustrasjonsbilete.

Ny person smitta i Hemsedal - oppe i seks koronasjuke

– Situasjonen er under kontroll, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Hemsedal fekk to nye smittetilfelle sundag, og gjennomførte derfor ei lang rekke testar måndag. Svara som kom tilbake var oppløftande, berre eitt viste seg positivt.

– Denne personen er nærkontakt til eit tidlegare kjent tilfelle, seier Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av dei to tilfella i helga var det eine ikkje avklart. Smittekjelda var ukjent.

– Me gjekk breitt ut frå start, og kjenner oss trygge på at situasjonen er under kontroll. Det er framleis ikkje bekrefta sikker smitteveg i det tilfellet, me ventar på nokre svar i morgon frå utvida testing utanfor vår region, seier Underland.

– Alle som trengde å bli kontakta, er kontakta og avklart.

Les også
Ingen nye smitta i Gol: – Me er over det verste, men kan ikkje senke skuldrene

I løpet av tysdag har det blitt gjennomført ti testar i Hemsedal.

Underland rosar smittesporingsgruppa, som har gjort ein massiv jobb dei siste par dagane.

– Dei har gjort ein kjempegod innsats, og fortener stor takk. Det har blitt gjort ein stor jobb i alle ledd, seier kommuneoverlegen.

Slik var talet på smitta i Hallingdal klokka 23 tysdag kveld:

Flå: 3

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesbyen: 7

Gol: 33

Ål: 12

Hemsedal: 6

Hol: 2

Totalt 63 personar. I Nore og Uvdal er det meldt om eitt smittetilfelle.

Les også
Nortura har fått svar på alle koronaprøver: 14 er smitta
Les også
Legar om koronaviruset i Hallingdal: – Har inntrykk av at det smittar veldig lett