Kriseleiinga i Gol har håp om at situasjonen er i ferd med å roe seg i Gol.

Ingen nye smitta i Gol: – Me er over det verste, men kan ikkje senke skuldrene

For første gong på nesten to veker kan Gol melde at dei ikkje har fått eit einaste positivt prøvesvar.

Heilt sidan 22. oktober har det tikka inn stadig nye smittetilfelle til kommunen. Men tysdag kom 40 av 40 prøvesvar att negative.

– Me føler me har brukbar kontroll no, seier ordførar Herbrand Jegleim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har jobba hardt for å avgrense smitta, og hindre spreiing. Me har sett mykje folk i karantene. Det ser ut til at me har lykkast med det me har gjort.

Ber folk hugse tiltaka

Smittetalet i Gol har stoppa på 33. Men sjølv om ordføraren seier det ser ut til at kommunen er over det verste, har han likevel peikefingeren oppe:

– Me har sett i verk tiltak som gjeld fram til sundag. Me må ikkje sleppe opp no, sjølv om me har fått negative svar i dag, seier han.

Les også
Nortura har fått svar på alle koronaprøver: 14 er smitta

Jegleim minner om at det framleis er utvikling i smitte i andre kommunar i Hallingdal, og at det er mykje folk i farta på tvers av kommunegrensene.

– Blant anna har skuleelevar blitt bedne om å bruke munnbind på bussen. Det gjeld framleis, seier han.

Her er tiltaka som gjeld i Gol fram til 8. november:

* Vedtaket om stenging for besøk ved Helsetunet blir vidareført. Det er også bestemt å stenge tilgang til fellesareal i omsorgsbustader, og folk blir på det sterkaste oppmoda om å ikkje besøke desse bustadene. Arbeidssenteret og dagsenteret blir stengt.

* Det blir anbefalt bruk av munnbind i det offentlege rom, der ein ikkje kan halde ein meter avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Innbyggarane blir bedt om å avgrense aktivitet for ein periode. Det betyr også heilt normale, daglege aktivitetar. Mellom anna blir det oppmoda til at berre ein person frå kvar husstand reiser i butikken.

* Avgrense sosiale og private treff til eit minimum. Det handlar om å avgrense talet på nærkontaktar. Maks ti personar kan treffe kvarandre privat, dette gjeld både utandørs og innandørs.

* Fritidsaktivitetar og arrangement for barn og unge blir sett på vent.

* Svømmehallar og idrettshallar held stengt.

* Tilsette i kommunen skal avgrense fysiske møte til eit minimum, og alle møte skal gå føre seg digitalt.

* Kommunehuset er stengt for publikum.

* Serveringsstader og utelivsbransjen der det er alkoholservering skal ikkje sleppe folk inn etter klokka 23.

Lett å frakte smitte

Koronasituasjonen i Norge blir stadig meir alvorleg. Denne veka har regjeringa varsla at dei nasjonale tiltaka kan bli stramma endå meir til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Legar om koronaviruset i Hallingdal: – Har inntrykk av at det smittar veldig lett

Jegleim meiner det er viktig å ha dette med seg, og ikkje senke skuldrene så lenge viruset herjar landet.

– Det er mykje farting på folk, og det er lett å ta med seg smitte hit, minner han om.

Les også
Den dramatiske redningsaksjonen i myra
Les også
To nye smitta i Gol: - Håpar det er i ferd med å roe seg no