Kommmuneoverlege i Nesbyen, Nils Høva har mykje å drive med om dagen.

Seks smitta i Nesbyen - elevar ved skulen er råka

I løpet av den siste veka har både skuleelevar og helsearbeidarar i Nesbyen testa positivt for koronaviruset.

– Det er fleire trinn på skulen me har ekstra fokus på no. Andre, fjerde, åttande og tiande trinn. Det er bekrefta smitte på både andre og tiande trinn, desse vil bli testa kvar dag med hurtigtest i ei veke, fortel kommuneoverlege Nils Høva.

Les også
Tilsett ved sjukeheim smitta: Alle bebuarar blir testa

Måndag vart over 50 personar testa i Nesbyen. Smitta knytt til skulen blir følgt nøye med på. Elevane som går på same trinn som ein smitta kan kome på skulen, men då må dei ikkje ha symptom på sjukdom - og dei må levere negativ hurtigtest.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er på tå hev, og ventar på svar på dei 50 testane frå måndag, seier Høva.

I løpet av den siste veka har seks personar fått bekrefta koronasmitte i Nesbyen. Blant desse er også to helsearbeidarar. Den eine av dei rakk å vere på jobb før det vart tatt ein positiv test. Som følgje av dette har mange blitt testa.

– Me gjekk grundig til verks her, og sjekka opp alle pasientkontaktar. Heldigvis var alle desse friske. Me har også hatt ein runde på alle medarbeidarane til vedkommande, seier Høva.

Les også
28 smitta og blodraudt på smittekartet: Utbrot i skule og barnehage

Då ein annan helsearbeidar også vart sjuk, vart alle nærkontaktar frå to døgn bakover testa.

Nesbyen og Høva har valt å legge seg på ei litt strengare line enn dei nasjonale anbefalingane.

– Me behandlar alle som om dei kan vere smitta av den nye varianten omikron. Det er litt strengt, men me meiner det er nødvendig. Og folk i Nesbyen er svært lojale, dei stiller opp, seier Høva.

Dei nasjonale anbefalingane seier at dei som er smitta av omikron-varianten blant anna skal vere isolert i fleire dagar enn dei som er smitta av deltaviruset. Det same gjeld for karantene. Høva skryt av sine innbyggarar, som følgjer råda og beskjedane som blir gitt til punkt og prikke.

– Me er nøydd til å stoppe smitta effektivt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nok ein tilsett ved Helsetunet er koronasmitta
Les også
Hotellet er selt etter bodrunde: – Det har vore god interesse
Les også
Spår næringslivskrise - meiner straumrekninga kjem til å knekke bedrifter i vinter