Kommuneoverlege Camilla Underland og kollegene hennar har mykje å henge fingrane i om dagen.

28 smitta og blodraudt på smittekartet: Utbrot i skule og barnehage

I Hemsedal overvaker dei situasjonen nøye etter å ha fått fleire utbrot av koronaviruset.

– Me har smitteutbrot i fleire skuleklassar, både på barneskulen og ungdomsskulen. Me har også fått smitte i ein barnehage. Me har kontroll, alle som skulle bli kontakta, er kontakta. Men me følgjer situasjonen tett, og har lagt oss på ei litt strengare line enn dei nasjonale retningslinene. Det har gjort at me har plukka opp mykje smitte, og det er bra, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Hemsedal har vore oransje på smittekartet i det siste. No går dei over til mørkeraudt. Det er blant barn og unge, og i miljø med mange uvaksinerte, at smitta spreier seg raskast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har likevel både skular og barnehagar opne, men på eit gult nivå. Undervisning går føre seg klassevis og avdelingsvis. Me har framleis opent for fritidsaktivitetar for barn og unge, men også dette må skje klassevis. Aktivitetar for vaksne går som normalt, fortel Underland.

Les også
Nok ein tilsett ved Helsetunet er koronasmitta

Tilsette i kommunen har fått anbefaling om å jobbe på heimekontor der det er mogleg, og alle møte skal gå føre seg digitalt.

– Me ønsker å vere føre var, samtidig som det ikkje skal gå utover moglegheita til å leve som normalt, seier Underland.

Ei venta hending

Hemsedal er så langt den einaste kommunen i Hallingdal som har valt å innføre lokalt forskrift. Den kom på fredag, rett før opningshelga. Det er plikt til å bruke munnbind innandørs, og krav om at folk skal ha sitjeplass på plassar med skjenkebevilling.

Les også
Innfører forskrift: Krav om munnbind og sitteplass på utestader

At det kjem mykje smitte til Hemsedal, som spreier seg blant barn og unge, har dei vore budd på. Denne trenden har dei sett i heile Viken den siste tida.

– Me reknar med at det vil vere slik vidare utover, også. Men me skal kunne leve godt med det, og målet er unngå å måtte stenge skulane, seier Underland.

Ingen omikron

Det er mykje usikkerheit knytt til den nye virusvarianten omikron. Myndigheitene veit at den er veldig smittsam, men førebels lite om den gir meir alvorleg sjukdom eller i kor stor grad vaksinen vernar mot den nye varianten.

Underland fortel at det så langt ikkje er mistanke om omikron knytt til utbrota i Hemsedal. Men dei ser heile tida etter moglege koplingar til utbrot med bekrefta omikron i andre kommunar, eller om smitte ser ut til å spreie seg i mistenkeleg høgt tempo.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg blir prøvar analysert på laboratorium når dei blir sendt inn. Det blir gjort raskt.

– Me vil få rask tilbakemelding om innsende prøver er noko anna enn deltaviruset. Då vil me kunne setje i verk tiltak raskt, seier Underland.

Les også
Smitte på ungdomsskulen - elevane bedne om å halde seg heime
Les også
Han har hatt minst smitte pr. innbyggjar - fekk ros frå ordføraren