Tilsett ved sjukeheim smitta: Alle bebuarar blir testa

Ein tilsett ved Kringlemyr på Geilo er smitta av koronaviruset. No er heimen stengt for besøk, og både bebuarar og tilsette vil bli testa.

Kommuneoverlege Silje Koldal bekreftar til Hallingdølen måndag at dei har ein smittesituasjon knytt til Kringlemyr, og seier det er for tidleg å seie noko om kva omfanget vil bli.

– Me må bruke veka til å sjå om me har vore tidleg nok ute med tiltak til at me har stoppa vidare smittespreiing, eller om me får fleire smittetilfelle å handtere, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
28 smitta og blodraudt på smittekartet: Utbrot i skule og barnehage

Det vart måndag jobba med å skaffe ein oversikt over situasjonen, blant anna ved å teste alle som er knytt til sjukeheimen. Testinga starta måndag, og vil halde fram tysdag.

– Me vil vurdere situasjonen vidare ut frå testresultata, men akkurat no er det ikkje mistanke om vidare spreiing i det aktuelle miljøet, seier Koldal.

Ho fortel vidare at det er sett i verk ekstra tiltak i tråd med retningslinene frå Folkehelseinstituttet (FHI).

– Det er stengt for besøkande inntil situasjonen er avklart, fortel ho.

– Dette er sjølvsagt ikkje ein situasjon me ønsker, men det er heller ikkje overraskande ut frå dagens smittetrend.

Smittetala i Hallingdal er aukande. Også i Gol har dei jobba med smitte knytt til helse dei siste dagane, etter at tre tilsette ved Helsetunet har fått påvist smitte. Ein bebuar har også testa positivt.

Les også
Nok ein tilsett ved Helsetunet er koronasmitta
Les også
Kim Friele bisett frå Oslo domkirke: - Gjorde Norge til eit betre land å bu i
Les også
– Forstår godt at byfolk går på apotek i Hallingdal
Les også
Har skote ulv: - Ringa han inn i går, skaut frå post