Tor Folgerø fekk onsdag kveld overrekt NTBs språkpris på Ole Bull Scene i Bergen, av sjefsredaktør og adm. direktør i NTB, Tina Mari Flem (t.v.) og nyheitsredaktør i NTB, Hilde Schjerve.

Overraska vinnar av NTBs språkpris: – Å, himmel og hav, eg vart heilt svimmel

Fyrst vart han overraska, så svimmel. Onsdag kveld kunne journalist i Tor Folgerø i Hallingdølen ta imot NTBs språkpris.

– Det er både overraskande og hyggeleg å bli kåra til «språkhelt», seier Folgerø med eit smil.

– Det er stas å kjenne seg sett og verdsett. Og når eg for ein gongs skuld skulle bli kåra til helt, er dette ei helterolle eg fullt ut kan identifisere meg med. Både fordi eg sjølvironisk ser for meg ein språkhelt som ein klossete antihelt, gjerne med litt dårleg tilpassa progressive briller. Men også fordi språket er det verktøyet eg som skrivande journalist har å spele på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen vart delt ut under Nordiske mediedagar i Bergen onsdag kveld.

Osar av høge ambisjonar

NTBs språkpris blir delt ut til ein redaksjonell medarbeidar som utmerker seg med eit godt skriftleg nyheitsspråk gjennom heile året.

Det var ein einstemmig jury som kåra Folgerø til vinnar, etter å ha vurdert rekordmange journalistar frå heile landet. Folgerø var ikkje kjend for juryen frå før, men dei blei raskt begeistra av kreativiteten, humoren og det breie språklege registeret han spelar på.

Les også
Ny rekord for Hallingdølen: 10.755 abonnentar!

– Det osar av høge ambisjonar og god gjennomføring. Folgerø jobbar i ein dal der dialektane og nynorsken er under press. Då er det ekstra tøft at språket i ei lokalavis sparkar så godt ifrå seg som det gjer i tekstane hans, seier Hilde Schjerve, juryleiar og nyheitsredaktør i NTB.

Tor Folgerø bryt av skrivinga for å helse på firbeinte Selma, hunden til journalisten på nabokontoret.

– Kompromisslaus kvalitet

Sjefredaktør og administrerande direktør i NTB, Tina Mari Flem, sluttar seg til hyllesta:

– Juryen har gjort eit strålande val. Årets vinnar er eit kroneksempel på kompromisslaus kvalitet og sjangerbreidde i lokaljournalistikken. Hallingane er heldige som kan smykke seg med ein slik språkhelt.

Dei som har sete i juryen for språkrisen er Hilde Schjerve, nyheitsredaktør i NTB, Siri Skaalmo, leiar av Institutt for Journalistikk, Åse Wetås, direktør i Språkrådet, Knut Olav Åmås, direktør i stiftelsen Fritt Ord og Vidar Lynghammar, tekstvitar og språkkonsulent i NTB Arkitekst.

Vart svimmel

Prisvinnaren sjølv var førebudd på kva som skulle skje denne kvelden. Sjokket over å ha vunne prisen fekk han nokre veker tidlegare, då NTB tok kontakt med han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fyrst vart eg overraska; eg visste ikkje ein gong at eg var nominert, fortel han.

– Så fekk eg lista over dei som har fått prisen før. Flinke folk og kjente namn som Hege Ulstein, Kjetil Østli og Kjetil B. Alstadheim. Å, himmel og hav, tenkte eg. Eg vart svimmel.

Tidlegare vinnarar

2021: Njord V. Svendsen i Khrono

2020: Ingeborg Senneset, Aftenposten

2019: Paal Uvaag, Morgenbladet

2018: Per Anders Todal, Dag og Tid

2017: Eirin Eikefjord, Bergens Tidende

2016: Håkon Gundersen, Morgenbladet

2015: Aftenposten junior

2014: Truls Dæhli, VG

2013: Trude Lorentzen, Dagbladet Magasinet

2012: Iver Gjelstenli, Romsdals Budstikke

2011: Kjetil B. Alstadheim, Dagens Næringsliv

2010: Hege Ulstein, Dagsavisen

2009: Hallgeir Opedal, Dagbladet

2008: Kjersti Mjør, Bergens Tidende

2007: Kjetil Østli, Aftenposten

Det var redaktør i Hallingdølen, Lillian Holden som nominerte Tor Folgerø. - Ein ytst fortent pris, seier Holden.

– Ytst fortent

Blant dei som har fått prisen sidan 2007 er det stort sett namn frå større mediebedrifter. Folgerø er den fyrste frå det ein kan kalle ei rein lokalavis. Sjefen hans, Hallingdølen-redaktør Lillian Holden, er likevel ikkje så overraska. Det var ho som nominerte prisvinnaren.

– Ein ytst fortent pris. Tor er ein språkkunstnar og ordsmed. Han får den gråaste saka til å skine med språket sitt. Han leverer språkblomar ein i blant blir i stuss kvar kjem frå, seier ho.

Les også
Luftig hallingkast kåra til årets bilete i Buskerud: – Eit bra actionbilete

Då juryen hadde skrelt bort kandidatar, sat dei att med 30 namn. Så landa dei på Folgerø.

– Når han går til topps der, må han ha imponert juryen, seier Holden.

Tor Folgerø, journalist i Hallingdølen og språksmed av dei sjeldne. Han er årets vinnar av NTBs språkpris.

– Har ein kostnad

«Det e itjnå som kjem tå sæ sjøl» syng Vømmøl spelemannslag. I det ligg det mykje sanning. Språket til Folgerø kjem ikkje rekande på ei fjøl. Han jobbar mykje med orda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det gjer eg. Eg er ein litt langsam skribent, vinn ikkje i hurtigløp. I blant kan eg kverne mykje, prøver å finne ein rytme i setningane. Eg brukar ein del bilete i språket, og er bevisst på det, kanskje meir enn mange.

Det gir eit godt resultat, men det krev sitt.

– Det har ein kostnad å vera skrudd saman slik. Det tek tid, i blant meir enn rimeleg tid. På lange saker sit eg ofte på kveldstid for å koma i mål. Eg må ha ro og tid for å kna på teksten, fortel han.

– Eg klarar heller ikkje å gjera det på andre måtar. Har prøvd. Det er slik eller ingenting for meg, legg han til.

– Då er det kjekt å få ein pris for det?

– Ja, ikkje sant!