Buskerud Journalistlag har kåra dette til årets foto i Buskerud. Anna Huseby i Hallingdølen fekk Fotoprisen 2022.

Luftig hallingkast kåra til årets bilete i Buskerud: – Eit bra actionbilete

Anna Huseby i Hallingdølen fekk fredag kveld Fotoprisen til Buskerud Journalistlag.

Utdelinga skjedde på Norsk Journalistlag Buskeruds prisfest på Pigen i Drammen, der rundt 40 journalistar frå Buskerud deltok.

Hallingdølen markerte seg på fotosida i årets konkurranse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anna Huseby tok den gjævaste Fotoprisen med eit blinkskot frå fjorårets Folkemusikkveke i Ål. Biletet syner Vilde Westeng i det ho gjer eit realt kast i hallingdanstevlinga framfor Sundrehall i mai 2022. Westeng var forresten den første kvinna til å vinne ein hallingklasse på Landskappleiken i 2019.

– Eit bra actionbilete, uttaler juryen som består av Tor Lindseth, Werner Juvik og Jørn Grønlund.

Fekk pris: Som keeper beskriv Johnas Ulshagen Jorde seg sjølv som hurtig, eksplosiv og ambisiøs. Spensten er det ikkje noko å seie på.

I ein underkategori innan foto, beste sportsbilete, gjekk Elias Dahlen i Hallingdølen til topps med bilete av fotballkeeper Johnas Ulshagen Jorde i serien Idrettsdraumen. Ragnar Hilde, Hallingdølen vann to underkategoriar: Beste nyheitsbilete der han fanga situasjonen då ein ung sjåfør mista bilen sin som gjekk opp i røyk, og Beste portrett med bilete av 100 år gamle Kåre Bergo.

Bilbrann Bergheim. Ein bilførar i 30-åra måtte sjå bilen sin brenne opp.
Kåre Bergo fylte 100 år 5. november i fjor.

Journalistprisen i Buskerud 2022 gjekk til Jenny Ulstein i Laagendalsposten og Arild R. Hansen i Drammens Tidende for deira artiklar om Espen Andersen Bråthen, etter at han drap fem personar i Kongsberg 13. oktober 2021. I artiklane stilte dei spørsmålet: «Burde drapsmannen ha vært stoppet tidligere?».

I klassen Årets snakkis gjekk prisen til Harald Reitan som i ein større artikkel i Hallingdølen synte korleis hallingmålet er på kraftig retur blant unge i Hallingdal.

Elles vart desse prisane delt ut:

Årets featuresak: Camilla Øvrebø Ondqrckova, Drammens Tidende for «Sammen til siste slutt - historien om Liv og Thor, som delte livet - og døden».

Godt språk-prisen: Tuva Skei Tønset, NRK for «Misbrukt av treneren».

Artikkelen held fram under annonsen.

Open klasse: Linn Kristin Djønne, Laagendalsposten for «Pappaen min».

Årets talent: Ninni Bjørlo Lærum og Joakim Vilan, sommarvikarar i Drammens Tidende.

Heidersprisen vart i år tildelt Lars Johnsen i Drammens Tidende.