Lillian Holden, ansvarleg redaktør i Hallingdølen, kan glise for ein ny opplagsrekord. Her saman med mediegrafikar Jarle Stanes.

Ny rekord for Hallingdølen: 10.755 abonnentar!

Lokalavisa hadde i fjor ein opplagsvekst på 5,3 prosent.

Det går fram av dei offisielle opplagstala til Mediebedriftenes Landsforening (MBL), som vart lagt fram torsdag morgon.

Opplagstalet for Hallingdølen er 10.755, ein auke på 539 samanlikna med andre halvår 2021.

Artikkelen held fram under annonsen.

Topp 15 i Norge

Avisene som er med i målinga, er alle dei 236 avisene som er tilslutta MBL og/eller Landslaget for lokalaviser (LLA). Nokre av avisene er nye, men av dei 233 titlane som har samanliknbare tal å vise til, var det 100 aviser som hadde opplagsvekst og 133 aviser som hadde tilbakegang.

Hallingdølen plasserer seg blant dei 15 avisene i landet med størst opplagsvekst. Også Valdres i Innlandet hadde opplagsauke. Valdres auka med 53, til 9449.

Mediehuset VG er både på botn og topp av lista. Papiravisa gjekk mest tilbake av alle norske aviser. Med ein tilbakegang på 7544 landa Verdens Gang på eit opplagstal på 41.608. Derimot er VG+ landets største avis med eit opplag på 266.861. VG+ auka med 4402 og er dermed også avisa med størst vekst. Dei to andre på pallen, er AvisaOslo (+2482) og Dagen (+2269).

Papiravisa held stand

I fjor toppa Hallingdølen den gamle oppslagsrekorden frå 2007 med berre éin abonnent og noterte ny rekord med 10.216 abonnentar. Dei ferske tala frå MBL viser at Hallingdølen styrkar posisjonen.

Les også
Jublar for opplagstal - Hallingdølen over 10.000
Les også
Hallingdølen på veg mot 10.000 i opplag: - Ein eventyrleg vekst

– Vil folk framleis lese papiravisa eller kjem veksten berre digitalt?

– Veksten er digital, men me har ikkje nokon stor nedgang på papir. Me klarar å halde papirlesinga stabilt. Her har me ein annan strategi enn veldig mange andre i bransjen. Me brukar framleis tid og energi på papirproduktet, samtidig som me satsar digitalt, seier Lillian Holden, ansvarleg redaktør i Hallingdølen. Den delen som berre les Hallingdølen digitalt ligg i dag på kring 40 prosent.

– Kva er grunnen til at Hallingdølen veks?

– Me har spissa journalistikken. Avisa lagar meir journalistikk me veit engasjerer. Samtidig skal me ikkje sjå oss blinde på digitale lesartal. Det er viktig å balansere dette og passe på at me løyser samfunnsoppdraget også på dei områda som ikkje gir høge lesartal. Det gjeld å finne ein god miks. Me skal tørre å vere harde i klypa når det trengst, samtidig som me heiar folk fram når dei har gjort noko bra, seier Holden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er taket nådd?

– Kor mykje meir kan avisa vekse?

– I fleire år har me sagt at «no er taket snart nådd». Men me har halde fram å vekse. Ein ting er å nå fastbuande, men det er samtidig enormt mange hyttefolk. Ein tredel av abonnentane våre bur utanfor dalen, og me har veldig mange abonnentar i Oslo, Bærum og Bergen. Det er hyggeleg at utflytta hallingar og hyttehallingar synest det er verd å abonnere på Hallingdølen. No skriv me også meir om saker som er interessant for hyttefolk. Det er nok her vekstpotensialet er størst.

– Er det eit dilemma kven Hallingdølen skal vere til for, fastbuande eller hyttefolk?

– Det eine utelukkar ikkje det andre. Me som er fastbuande bur jo i ein hyttekommune. Og når me skriv om utbyggingsplanar eller utvikling av alpinanlegga, er det interessant for begge grupper.

Vekst utanfor konserna

Opplagsstatistikken er ikkje lystig lesnad for Holden sine kollegaer blant norske redaktørar. I heile Viken er det berre to konsernuavhengige aviser av totalt 26 aviser, Hallingdølen og Eidsvoll Ullensaker Blad, som har vekst. Hjå alle dei andre går opplagstala til dels kraftig tilbake.

Hallingdølen er den tredje største avisa i Buskerud. Slik er opplagstala for alle avisene i fylket:

* Drammens Tidende: 27.373 (-934)

* Ringerikes Blad: 11.318 (-230)

Artikkelen held fram under annonsen.

* Hallingdølen: 10.755 (+539)

* Laagendalsposten: 9159 (-133)

* Bygdeposten: 6744 (-90)

* Røyken og Hurums Avis: 5713 (-157)

* Lierposten: 3497 (-71)

* Eikerbladet: 2235 (-110)

* Svelviksposten: 1912 (-62)

Les også
Rykka ut til melding om svidd lukt frå skulebygg
Les også
Legg ned salongen etter 40 år: –Ein gong må det vere ein slutt
Les også
Han er ny dagleg leiar for Hallingdal Næringshage: – Kreativ og idérik