Ål kommune har god kontroll på det siste smittetilfellet. Dette biletet er frå testing i Ål rett etter nyttår.

Nytt smittetilfelle i Ål - nærkontaktar er alt testa

Ein person i Ål har fått positivt svar på koronatest.

– Vedkommande er ikkje folkeregistrert i kommunen, men har vore her ei tid. Det er derfor nokre nærkontaktar. Desse er testa med hurtigtest, den var negativ for alle, seier ordførar Solveig Vestenfor.

Det vil bli tatt ein ordinær koronaprøve i tillegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me opplever at me har god kontroll på dette, seier ordføraren.

Tilfellet er dagens andre i Hallingdal, også i Hemsedal vart det meldt om ein smitta måndag ettermiddag. Ellers er smittetrykket i dalen lågt.

Regjeringa kom i dag med nye nasjonale tiltak. Enkelte ting blir lempa på, til dømes kor mange gjestar ein kan ha i heimen eller på hytta. Det blir no lov med fem personar i tillegg til medlemmar i husstanden. Det blir også opna opp att for breiddeidrett for barn og unge under 20 år.

I tillegg går ungdomsskular og vidaregåande frå raudt til gult nivå.

Les også
Fekk bekrefta koronasmitte - fire er sett i karantene

Kommuneoverlegane i Hallingdal hadde eit møte rett etter at regjeringa sin pressekonferanse var over måndag. Deretter er det opp til kommunane å avgjere om dei skal ha eigne, lokale tiltak.

I Ål gjeld desse tiltaka frå og med 18. januar:

* Frå torsdag: Ungdomsskulen går attende til gult nivå.

* Det er framleis tilrådd å ha heimekontor for kommunalt tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ikkje heimekontor for tilsette i skular og barnehagar og for avdelingsleiarar på institusjonar.

* Kulturskule: Normal drift for barn.

* Offentleg bading: Stengt, bassenga er berre i bruk for skulane.

* Vaksenopplæring: Held fram som no fram til fredag, ny vurdering kjem då.

* Munnbind pålagt inne på Ål kulturhus akkurat som i butikkane viss du ikkje klarar å halde minst ein meter avstand.

* Kino: Normal drift frå onsdag.

* Alle arrangement i kulturhuset blir avgjort i kvart tilfelle, sjå heimesida.

* Tilrår framleis digitale møte, men naudsynte arbeids- og politiske møte kan haldast etter gjeldande reglar (minst 2 meter avstand slik at møtedeltakerane ikkje blir rekna som nærkontaktar).

Artikkelen held fram under annonsen.

* Treningssenter: Ope for individuell trening, men stengt for grupper.

Les også
Nye nasjonale tiltak: Fryktar permitteringar og stengde dører
Les også
Forlenger påbodet om munnbind i to nye veker