Hallingdølens munnbind lyser godt opp på ventebenkane på Oslo S.

Forlenger påbodet om munnbind i to nye veker

Du må halde fram med å bruke munnbind på offentleg stad fram til og med 1. februar.

Kommunane har med det følgd kommuneoverlegane si oppmoding frå før helga, der dei bad om at påbodet vart forlenga.

– Det handlar om å førebygge. Sjølv om trykket er lågt no, er det enno ikkje avklart om det blir etterdønningar etter jule- og nyttårsfeiringa, sa kommuneoverlege i Nesbyen, Nils Høva til Hallingdølen før helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må avgrense smitte

Legane er samla kvar fredag i kommuneoverlegeforum. Sist veke diskuterte dei kva som bør gjerast vidare med bruk av munnbind. Heile Hallingdal har hatt eit påbod om dette sidan før jul, men måndag 18. januar var opprinneleg siste dag.

Les også
Anbefaler at påbodet om munnbind blir forlenga

No er det forlenga til 1. februar.

Hemsedal skriv blant anna følgande:

«Grunnen til forlenginga er å avgrense ei eventuell spreiing av smitte der me i ein periode framover vil ha ei venta auke i talet på menneske som er i kommunen. Samt at me i etterkant av ein periode med auke ønsker å halde på gode rutinar for smittevern».

Kommunane i Hallingdal forlenger påbodet om munnbind.

Dei fleste er flinke

Etter ein månad med påbod om munnbind har hallingane etter kvart blitt flinke til å bruke dette smittevernsutstyret.

– Det har blitt godt innarbeida. Nokon slurvar, men dei aller fleste er flinke. Me ser at dette nyttar. Dessutan tar det seg bra ut at me fastbuande brukar det, ovanfor dei som kjem hit i helgene, sa Høva sist veke.

Påbodet vil gjelde på butikkar, serveringsstader, tru- og livssynbaserte lokale, i andre typar fellesområde innandørs, i lokale for kultur-, sport- og fritidsaktivitet. Det gjeld også for reisande med kollektivtransport, som buss, taxi, skibuss og skulebuss.

Det er også oppmoda til å bruke munnbind på stader der det kan hope seg opp med menneske utandørs, som i heiskø, køar utanfor serveringsstader, taxikø og så vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Trygt å få handverkarar heim