Illustrasjonsbilete.

Fekk bekrefta koronasmitte - fire er sett i karantene

Hemsedal fekk måndag eit nytt tilfelle av koronasmitte.

– Smitta kjem frå ein kommune utanfor Hallingdal. Personen vart testa i dag med hurtigtest, etter å ha vist symptom, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Det er det første smittetilfellet i Hemsedal etter jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nye nasjonale tiltak: Fryktar permitteringar og stengde dører

Fire personar er sett i karantene som følgje av den positive prøven. Underland seier ho har inntrykk av at folk er flinke til å ha få nærkontaktar om dagen.

– Det er jo eit av argumenta som regjeringa har brukt for dei skjerpa nasjonale føringane også. Ein ting er å få ned smittetrykket, men det handlar også om å avlaste smittesporarane i kommunane, som har mykje å stå i, seier ho.

Om ein person brått viser seg å vere sjuk, er sporingsjobben naturleg nok enklare jo færre nærkontaktar vedkommande har. I vekene etter jul var oppmodinga å avgrense den sosiale kontakten mykje, blant anna ved å ikkje besøke kvarandre. Måndag vart det opna noko meir opp, no kan ein ha fem gjester i tillegg til medlemmene i husstanden. Men Underland understreker at det er viktig å ha så få nærkontaktar som mogleg.

– Det gjer smittejobben mykje enklare.

Les også
Forlenger påbodet om munnbind i to nye veker