Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i spørjetimen i Stortinget.

Nygård: – Nye Veier anbefalte å bygge veg og bane samtidig

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) var i Stortinget onsdag tydeleg på at Nye Veier har anbefalt å bygge Ringeriksbanen/E16 samtidig.

Det skjedde i spørjetimen i Stortinget onsdag. Det var Morten Stordalen (Frp) som spurde Nygård om han kunne bekrefte at Nye Veier har funne innsparingar på nærare 6 milliardar kroner i fellesprosjektet (Ringeriksbane/E16).

Bakgrunnen for ordvekslinga er at regjeringa foreslår i stoppe fellesprosjektet veg/bane, og overføre jernbanedelen frå Nye Veier til Bane NOR.

Artikkelen held fram under annonsen.

Investeringa for høg

Tidlegare har Nygård ved fleire høve uttalt at innsparinga med fellesprosjektet er mindre enn forventa.

Les også
1700 har signert kampanje i løpet av tre dagar: – Saka betyr mykje for mange

Slik ordla han seg ikkje onsdag.

– Det er ikkje riktig at eg ved fleire anledningar har uttalt at det ikkje er pengar å spare på å bygge veg og bane samtidig, sa Nygård før han stadfesta at Nye Veier har kutta kostnader på nærare 6 milliardar i fellesprosjektet.

– Men trass i dette er investeringane svært høge og samfunnsnytta låg, la han til og understreka at det ikkje er riktig å setje i gang så store samferdselsprosjekt når samferdselsrammene i åra framover er venta å bli mindre enn det ein la til grunn i Nasjonal transportplan.

Anbefaler fellesprosjekt

Hallingdølen har tidlegare skrive at Nye Veier har frårådd oppsplitting av fellesprosjektet. I Stortinget stadfesta Nygård dette.

– Gitt at veg og bane skal byggast ut, og me held på rammene og føresetnadene som ligg i fellesprosjektet, anbefaler Nye Veier å bygge veg og bane samtidig. Men det har me ikkje handlingsrom til. I praksis betyr det at grepet med fellesprosjekt står i vegen for å løyse det identifiserte transportbehovet på Ringerike for aust- og vestforbindelsen i overskueleg framtid, sa Nygård.

Les også
Erna Solberg til Hallingdølen: – Nygård har gitt mangelfulle opplysningar i Stortinget

Kva forventa statsråden?

Morten Stordalen viste til Nygårds tidlegare uttale om at fordelane med fellesprosjektet er mindre enn forventa. Han spurte statsråden konkret kva forventningar han hadde når Nye Veier faktisk har kutta kostnader på 6 milliardar.

Nygård svarte ikkje konkret på dette, men gjentok at det ikkje er handlingsrom for å starte så store prosjekt med dei økonomiske utsiktene ein ser for seg. Det vil legge for stort beslag på handlingsrommet og hindre ei heilskapleg vurdering av framtidige samferdselsprosjekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Let kraftaksjane gå: – Me har ikkje pengane
Les også
Folketalet aukar i alle kommunar - 101 nye hallingar sidan i sommar
Les også
Ville ha ei meir rettferdig fordeling av straumstøtte til lokalt næringsliv