Illustrasjonsbilete frå testing i Flå.

Nye koronasjuke i Ål og Geilo — jobbar framleis med eit uavklart tilfelle

Det siste døgnet har både Hol og Ål fått eit nytt smittetilfelle kvar. Begge er under god kontroll, men smittesporingsgruppa i Ål jobbar framleis med eit uavklart tilfelle frå måndag.

– Me jobbar framleis med den. Det er slik når me jobbar med nærkontaktar, noko blir avklart men så kjem det nye moment inn. Det vart tatt mykje prøver i går, som me ventar svar på i dag. Me er spente på om det vil gi ytterlegare spreiing, seier kommuneoverlege Geir Strømmen.

Det positive prøvesvaret frå måndag hadde samanheng med utbrotet i Gol. Det har også tilfellet som vart kjent i Ål måndag kveld. Den koronasjuke i Hol har ei heilt anna smittekjelde, der er det snakk om smitte som kjem frå utlandet. Personen gjekk rett i karantene, så der er det meldt om full kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

I heile Hallingdal er det hektisk koronatesting i desse dagar. I Ål har dei valt å gjere eit enkelt grep med tanke på teststasjonen. Den har tidlegare vore i ein garasje på baksida, men no er den flytta litt lenger ut slik at det går an å køyre rundt.

– Slik har me lagt til rette for raskare testing, seier Strømmen.

Det er no 33 bekrefta koronasjuke i Hallingdal i haust. Dei fordeler seg slik:

Flå: 3

Nesbyen: 4

Gol: 17

Hemsedal: 3

Ål: 3

Artikkelen held fram under annonsen.

Hol: 2

Nore og Uvdal: 1

Les også
To nye koronasjuke i Nesbyen — usikre på smittekjelda for den eine
Les også
Fleire nye smittetilfelle i Gol - no er 17 personar koronasjuke