Det har foregått mykje testing i Hallingdal dei siste vekene. Her frå Ål tysdag morgon.

Ny positiv koronaprøve i Gol - nærkontaktar er sett i karantene

Gol har vore hardt råka av koronaviruset. Torsdag fekk kommunen sitt 43. smittetilfelle i haust.

Tilfellet er under god kontroll, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

– Det er snakk om innreisesmitte. Testen vart tatt 7. november, og me fekk informasjon om positiv prøve i dag. Vedkommande har vore i karantene heilt sidan ankomst, så det er ryddige forhold, seier Thurainayagam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nytt tilfelle av koronasmitte i Ål: — Me var førebudd

Personen som er smitta er meldt å vere god i form.

Nærkontaktane, som er medlemmer i same husstand, er sett i karantene.

– Me har kontroll over denne situasjonen, seier Thurainayagam.

Les også
Fire tilsette ved Ringerike sjukehus koronasmitta

I løpet av hausten har ei koronabølgje råka Gol. No har utbrotet flata ut, men det tikkar framleis inn enkelte tilfelle.

Her er oversikten over kor mange som har blitt smitta av koronaviruset i Hallingdal i haust:

KommuneTal på smitta
Flå3
Nesbyen8
Gol43
Ål15
Hemsedal6
Hol3