Slik såg det ut under koronatesting i Ål 10. november.

Nytt tilfelle av koronasmitte i Ål: — Me var førebudd

Den smitta var alt i karantene då prøvesvaret kom.

Personen er nærkontakt til eit bekrefta smittetilfelle.

– Me var førebudd på at det kunne kome fleire positive svar. Men me har full kontroll, alle som skulle vore i karantene er i karantene, seier kommuneoverlege Geir Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Denne koronaregelen kostar det deg 10.000 kroner å bryte

Dagens smittetilfelle er det 15. i Ål i haust. Det har vore mykje jobb for dei som jobbar med smittesporing og testing dei siste vekene, men no ser det ut til å ha roa seg.

– Det har vore mindre testaktivitet dei siste dagane, seier Strømmen.

Smitta herjar framleis rundt om i landet, særleg i Oslo og Bergen. I hovudstaden vart det torsdag morgon meldt om 173 nye smittetilfelle det siste døgnet. For heile landet var talet 626. På risikokartet til Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) er no både Viken og Vestland fylke farga raudt. Resten av Norge er gult.

Slik er smittesituasjonen i Hallingdal no:

KommuneTal på smitta
Flå3
Nesbyen8
Gol42
Hemsedal6
Ål15
Hol3
Les også
Korona-karantene for fleire i Hallingdølen - journalistane på heimekontor
Les også
Ny person i Gol er bekrefta koronasmitta: – Ikkje senk skuldrene