Fire tilsette ved Ringerike sjukehus koronasmitta
I løpet av det siste døgnet har fire tilsette ved Ringerike sjukehus på Hønefoss testa positivt på covid-19.
Dette stadfestar sjukehuset i ei pressemelding torsdag ettermiddag.
– Tre tilsette er knytt til same etasje. Sengeområda i etasjen er derfor stengt for inntak av nye pasientar, og alle tilsette og inneliggande pasientar blir testa for covid. 19. Berørte pasientar vil få eigen informasjon frå sjukehuset, skriv pressevakt Torfinn Frostad i Vestre Viken helseføretak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den fjerde personen som har testa positivt, arbeider ved ei annan avdeling.
– Blir kontakta
Det er sett i verk smittesporing. Smittesporingsgruppa ved sjukehuset samarbeider med tilsvarande gruppe i kommunen.
– Me ventar å ha eit betre overblikk i løpet av det neste døgnet, skriv Frostad i pressemeldinga.
Alle som er eller blir identifisert som nærkontaktar blir kontakta med råd om karantene og testing.
Skjerpar rutinane
Sjukehuset har no gått gjennom og skjerpar basale smittevernrutinar for alle tilsette.
– Vidare er det eit godt samarbeid med dei andre sjukehusa i føretaket for å sikre at innbyggjarane får helsehjelp, presiserer helseføretaket.