Gol hadde eit koronautbrot i fjor haust. Dette biletet er frå testing under den perioden då det var som mest hektisk. Frå venstre: Nina Østerhus, Bjørg Kjørkleiv Hoftun, Marry Viljugrein og Tora Berger.

Ny person smitta i Gol - smittekjelda er ikkje kjent

Tre personar er så langt sett i karantene.

– Prøva vart tatt i går. Smittekjelda er ukjent, det er ingen samanheng med tidlegare tilfelle, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen fredag kveld.

Gol har hatt fleire tilfelle av koronasmitte dei siste vekene, desse har kome frå såkalla innreisesmitte, altså der personane har vore i utlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det nye tilfellet som vart kjent fredag har altså ingenting med desse å gjere. Tre av nærkontaktane til den sjuke er sett i karantene. Dei vil bli testa neste veke.

– Jaktar de vidare etter smittekjelda?

– Me kjem til å jobbe med å leite etter den, men første prioritet er å få avgrensa dette mest mogleg og få kartlagt alle nærkontaktar. Det har me kome langt med, men me er ikkje heilt i mål. Smittesporingsgruppa er på saka, seier Thurainayagam.

Tilfellet er det åttande i Gol sidan 18. desember.

– Korleis vurderer du situasjonen?

– Med ukjent smittekjelde er me vel framleis på eit stadium der me ikkje har full oversikt, men me står på, seier kommuneoverlegen.

Les også
Anbefaler at påbodet om munnbind blir forlenga
Kommuneoverlege i Gol kommune, Jagannivasan Thurainayagam.